No har eg vore her nede i ei veke. Det er veldig fint her nede, byen er ganske annleis enn dei byane eg har vore i tidlegare. Skal prøve å få tatt litt bilete neste gang er er ute på vift og vise dykk! Tida har stort sett gått til jobbing, men eg har fått vore litt av skipet og. Men det er diverre ikkje så veldig fint ver her. Stort sett grått og skya, og det blir faktisk ganske kaldt! Og kaldt betyr då ned mot 20-22 grader på kvelden. Håpar det kjem seg snart og at eg får sett litt sol. Det skal i følge wikipedia bli varmare mot desember!
Me er godt i gang med operasjonane her, og det er veldig kjekt. Det fyllest fort opp på avdelingane. Det har og kome ein del nye reglar vedrørande når ein kan ta private bilete, så det er litt vanskeligare å få tatt bilete saman med pasientane, men eg skal få lagt ut litt forskjellig etter kvart!
Eg har i grunnen berre lyst til å dele ein innlegg frå ei av sjukepleiarane her. Me hadde diverre ein pasient som døydde på avdelinga denne veka, og ho har skrive eit nydelig innlegg om det! Så klikk her om du vil lese det. Anbefalast!
sårskift
torsdag 12. september 2013
tirsdag 3. september 2013
On my way...
I skrivande stund er eg på vei til Kongo. Eller det vil seie, eg har fullført føste etappe, Oslo-Frankfurt, og skal vente her til i morgon tidleg før eg reiser videre til Pointe-Noire. No gler eg meg skikkelig :) Blir godt å komma fram og ta fatt på arbeidet. Førre veke hadde dei screening der nede og over 7500 møtte opp, og 4200 vart vurdert til operasjon. Akkurat kor mange som får operasjon veit ein ikkje enno. Men eg veit at det er 100 plastikk og rekonstrusjons pasiantar på lista. Og dei skal eg jobbe med, i alle fall dei første vekene.
Eg har ikkje bilete frå denne screeninga, så eg legg ved nokre bilete frå screeninga i Lome, Togo i 2012.
Eg har ikkje bilete frå denne screeninga, så eg legg ved nokre bilete frå screeninga i Lome, Togo i 2012.
søndag 30. juni 2013
Kongo-Brazzaville 2013
Sidan sist har eg kome heim att til Noreg, og brukt ein del tid på å førebu meg til neste tur til skipet. Den 4. september 2013 reiser eg avgårde att, denne gongen skal eg lenger sør enn tidlegare. Eg reiser nemlig til Kongo-Brazzaville. Så tenkjer du kanskje at det høyrest farleg ut, men då tenkjer du nok på det andre Kongo. Kongo-Kinshasha (DRC), eller Zaïre som det heitte tidlegare. Men dit skal eg ikkje. Det er nabolandet.
Her kan ein sjå det på eit kart:
Her kan ein sjå det på eit kart:
Eg skal til det litle landet som er litt lysare på farge. Byen me skal til heiter Pointe Noir.
Dette er eit land som til dels er meir utvikla enn andre land Mercy Ships har arbeidd i, så mykje av fokuset her kjem til å vera undervisning og vidare utdanning av lokalt helsepersonell. Det kjem til å vere tannlegar, kirurgar av ulikt slag, sjukepleiarar og steriliseringspersonell som skal blir opplærte av personell på skipet. Akkurat korleis det vert gjennomført veit eg ikkje heilt, men eg gler meg til å vere ein del av det!
Sidan eg har vore på skipet ein del dei siste åra, og det kostar pengar, så byrjar det å bli tomt på sparekontoen min. Ein må nemlig betale for opphaldet sitt på skipet, samt flybillettar og andre utgifter det medfører. Difor er eg no litt frimodig, og dersom du har lyst til å bidra med ei gåve til meg vil det bli sett stor pris på.
Dersom du har lyst til å gi ei gåve, litan eller stor, så har eg oppretta ein konto til dette føremålet. Det er kontonummer: 3361.18.06049. Merk gjerne gåva med navn. Du kan gi ei samla gåve eller månedlig dei tre månadane eg er der nede.
Dersom du ynskjer å få skattefritak for gåva du gir, må denne gis via Mercy Ships Norge, og personnummer må registrerast hjå dei. Gåva må og vere over 500 kr per år for å gi skattefritak. Du kan gå gi til kontonummer: 3201.10.86569 og merkje det med navnet mitt. Då det tek litt tid før eg får pengane, er det enklast om du gir heile summen på ein gong dersom du gir her. Les meir om gåver til Mercy Ships her og gåver til mannskap her. Det er dog verdt å merkje seg at desse sidene ikkje er heilt oppdaterte, men kontonummera skal stemme. Det har eg sjekka :)
Dersom eg har penger til overs før eg reiser heim att kjem dei pengane til å gå til noko som heiter west-african-fund. Dette er for å støtte vest-afrikansk mannskap på skipet som ellers har vanskar for å få dekka kostnnadane sine. Gjennom fondet kan dei motta månedleg støtte slik andre mottek frå sponsorar i heimlandet. Dette er behovsprøvd, og for mange av dei den einaste måten dei kan vere mannskap på skipet på.
Eg håpar og de vil vere med å be for landet, for skipet, for arbeidet og for alle som er mannskap!
Oppdateringar kjem når det nermar seg avreise :)
tirsdag 16. april 2013
Baby Rescue Center
For et par veker sidan var eg på et barneheim
her i byen. Det er drive av ei canadisk dame som har budd her i landet i 16 år.
For ca 6 år sidan kom nokon til ho med ein forlatt baby og etter det starta ho barneheim
for forlatte barn. I utgangspunktet tek ho berre inn barn som er under eit år,
men det finst visse unntak.
Borna ho tek imot vert forlatt av foreldra
av ukjent grunn og ho og 4 andre damer tek vare på dei i håp om å adoptera dei
bort. I skrivande stund er ei jente på veg til Canada og eit tvillingpar ventar
på dei siste dokumenta før dei kan dra til USA med sine nye foreldre. Når dei blir
større og ikkje har blitt adopterte blir dei sendt vidare til andre barneheim
for større barn.
Sidan alle barna er små treng dei mykje
merksemd og kos. Og der kjem me inn i biletet. Kvar laurdag dreg ein bil med 9
Mercy Ships Crew til senteret for å leike med borna, kose med dei og mate dei.
Snakk om fin teneste J Eg var der om sagt for litt sidan og på laurdag skal eg attende.
Det gler eg meg veldig til.
Her er litt bilete frå sist gang eg var
der :
tirsdag 9. april 2013
Bildeblogg :)
Her er litt bilder som viser kva eg har gjort på den siste tida :
Her e eg på ei lokal sjappe der me brukar å kjøpe Schwarma. Dei har og eit biljardbord. Det er kjekt :)
Her er eg i operasjonssalen og ser på ein plastikkirurgisk operasjon!
Havneområdet sett frå dekk 7 på skipet.
Tidenes beste ananasjuice. Trur kansje dei laga ein slags smoothie eller noko slik. Himmelsk god var den i alle fall!!
Ein deilig dag ved bassenget! Eg klagar ikkje.
Eg har vore på stranda og!
Utsikta eg hadde til dagens frukost. Soloppgang slår aldri feil.
Africa Mercy spelte mot Sierra Guinea (Lokalt fotballag) her ein dag. Resultat: 2-2
Plastics screening! Gutten i raud genser er på avdelinga nå.
Ein av plastikkkirurgane våre. Dr Köeler fra Tyskland.
Sjukepleiar Jill frå Canada og Fidele. Ein av pasientane som har vore hjå oss lengst.
I action med sårskift.
Jentene eg tilbringer mesteparten av tida mi saman med :)
Danielle, meg, Amy og Karin! Fine folk :)
Lancinet. Ein gut som har operert kontraktutrer i eine fingeren.
Sadiatou er utdanna lege her i Guinea og ynskjer å bli kirurg. For tida er ho i turnustjeneste på eit lokalt sjukehus. Ho har no hatt sin tredje operasjon for å bli kvitt kontrakturar i nakken og fjerne arr.
fredag 29. mars 2013
Updates!!!
Her går tida fort gitt…. Eg er allerede
over halveis i oppholdet. Og eg kosar meg veldig. Eg hadde nettopp 4 dagar fri
på rad og benytta sjangsen til å reise vekk frå Conakry. Då reiste eg og
Danielle til Kindia som er ca 3 timar nord. Me budde på eit fantastisk koselig
hotell og hadde veldig avslappande dagar. Me for på markedet i byen og kjøpte
frukt, var og såg på to fossefall og gjekk på fjelltur. Det var heilt
fantastisk å komme seg litt ut av byen og nyte frisk luft J
Ellers så går dagane for det meste i
jobbing. Me er no midt i den travlaste perioden med plastisk kirurgi og dagane
er av og til ganske lange. Men det er eigentleg heilt greitt. Eg synest det er
spennande og lærer nye ting kvar dag!
Denne helga er det langhelg for alle som
ikkje arbeider helger til vanleg, men eg skal jobbe. Det syns eg er veldig fint
for eg ville ikkje ha reist bort allikevell. Det er nemlig mykje kjekt som
skjer her og i påsken!! Eg gleder meg spesielt til soloppgangsgudstjeneste ute
på dekk søndag morgen! Det blir veldig fint J
Her er litt bilete frå den siste tida :
Ganske store bambus... Viss du ser godt etter ser du Danielle nedersti i biletet.
Så skitne blir føtene mine etter ein dag på markedet!
Her er Danielle med "middagen" vår den eine dagen.
Voile de la Marie. Eit av fossefalla me besøkte.
Kilissi. Det andre fossefallet.
Mt Gangan. Me var heilt oppe på det høgaste punktet ein kan sjå.
På vei opp til toppen gjekk me gjennom ein landsby. Her er ei av hyttene der.
onsdag 6. mars 2013
Guinea
Guinea er eit land på storleik med Storbritannia i Vest Afrika. Det har omlag 10 millionar innbyggarar og hovudstaden er Conakry, der Africa Mercy no er stasjonert. Her kan de sjå Guinea på eit kart.
På FNs oversikt over utviklingsgrad i ulike land er Guinea nr 178 (av 187) og er klassifisert som eit land med lav utviklingsgrad. Til samanlikning er Noreg nr 1 på lista. Dersom eit barn i dag vert fødd i Guinea kan det forvente å bli 54,1 år. I Noreg kan ein forvente å bli heile 81,1 år. Dersom ein utjamnar det mtp forskjell i inntekt kan dei fattigaste her berre rekne med å bli 42,2 år. Her lever nemleg over 60% av befolkinga i ekstrem fattigdom. I snitt har vaksne i Guinea 1,6 års skulegang medan det i Noreg er på 12,6 år.
Det er tredje gongen Mercy Ships er i Guinea, og første gongen for Africa Mercy. Så langt har eg ikkje fått sett så mykje av landet, men den delen av byen me er den rikaste og det området dei fleste ambassadane er i. Pga eit kommande presidentval i mai har det vore ein del opprør dei siste vekene så det er fleire delar av byen me ikkje kan dra til, men eg håpar på å få sett litt meir etter kvart. Og kanskje reise ut av byen og!
Her er litt bilete frå eit besøk på HOPE center i går. Og det er forresten sol og rett i underkant av 30 grader her :)
På FNs oversikt over utviklingsgrad i ulike land er Guinea nr 178 (av 187) og er klassifisert som eit land med lav utviklingsgrad. Til samanlikning er Noreg nr 1 på lista. Dersom eit barn i dag vert fødd i Guinea kan det forvente å bli 54,1 år. I Noreg kan ein forvente å bli heile 81,1 år. Dersom ein utjamnar det mtp forskjell i inntekt kan dei fattigaste her berre rekne med å bli 42,2 år. Her lever nemleg over 60% av befolkinga i ekstrem fattigdom. I snitt har vaksne i Guinea 1,6 års skulegang medan det i Noreg er på 12,6 år.
Det er tredje gongen Mercy Ships er i Guinea, og første gongen for Africa Mercy. Så langt har eg ikkje fått sett så mykje av landet, men den delen av byen me er den rikaste og det området dei fleste ambassadane er i. Pga eit kommande presidentval i mai har det vore ein del opprør dei siste vekene så det er fleire delar av byen me ikkje kan dra til, men eg håpar på å få sett litt meir etter kvart. Og kanskje reise ut av byen og!
Her er litt bilete frå eit besøk på HOPE center i går. Og det er forresten sol og rett i underkant av 30 grader her :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)





