sårskift

sårskift

tirsdag 10. desember 2013

D-ward!

For ca 2 veker siden reiste de siste plastikkirurgiske pasientene, og då var min jobb med sårskift og ferdig. Så etter det har eg vore på d-ward. Det er avdelinga som har alle pasientane med tumor i ansikt, hovus eller hals, noma (det kan du lese meir om her) og leppe-, kjeve-, ganespalte. Eg har ikkje arbeidd med dette på skipet før, så eg var veldig glad for muligheten til å gjere det denne gongen. Eg trivest veldig godt med det, og synest det er litt trist at eg skal reise heim allereie om 5 dagar. Eg kunne gjerne ha arbeidd med dette lenger!!!

Her kjem litt bilete av nokre av pasientane våre:


Her har me litt song og musikk for pasientane med sjølvlaga afrikanske sangar og ymse kostyme :) 

Her lagar me julepymt på dekk 7 med Rouvel som er operert for Noma. 

Ei lita jente me kjem til å sjå att på nyåret. Ho kom til screeninga i Brazzaville. 

Oversikt over litt av d-ward. 


Emmanuel som er operert for neurofibrom (godarta nervetumor) i ansiktet spelar 4 på rad oppe på dekk 7. 

Dette er Albert. Han vart akkurat utskriven frå avdelinga og er no på HOPE centeret. Dette er eit bilete frå screeninga i Brazzaville. 

Her er ei jente med noma. Ho kjem til å komme for operasjon på nyåret. 



torsdag 28. november 2013

Screening i Brazzaville!

For et par veker sidan fekk eg vere med til hovudstaden i Kongo, Brazzaville, på ein screening der. Det var ein veldig kjekk ting å vere med på! Me reiste opp tysdag ettermiddag og kom attende til Pointe-Noire onsdag kveld, så det gjekk fort unna.

Sjølve screeninga var onsdag på dagen, og det var nærare 300 pasientar som vart sett opp til å komme til skipet til nærare undersøkingar. I andre land har pasientane sjølv måtte sørgje for transport til skipet, men her har regjeringa lova å hjelpe til med dette. Det gjer at vi har håp om at dei fleste av pasientane vil klare å komme seg hit. Regjeringa har og oppretta eit senter dei kan bu på fram til evt operasjon.

Her kjem litt bilete frå Brazzaville:

Litt av køen! Det var utruleg varmt i Brazzaville, og sola skein heile dagen, så det var veldig greitt å stå under telta i skuggen. 

Dette er Esther. Ho skal komme til vidare undersøkingar på skipet snart. 

Her har ein pasient fått beviset på at ho skal komme til skipet. Det gule pasientkortet. Ho kjem til plastics screening i januar! 

Her vert fleire gule pasientkort delt ut. 

Her forklarar eg via Rich, som er frå Kongo, kva dei kan forvente når dei kjem til skipet og korleis ting vil føregå når dei kjem. 

Ei nydelig lita solstråle som skal komme å fikse leppa si :) 

Og nok ein søtnos!! 

Heile gjengen som reiste frå skipet til Brazzaville. Alle dei med orange caps er tolkar. 

 Tysdag kveld var me ute og åt middag. Her er utsikta vår. Kongoelva, men Kinshasha i bakgrunnen.


fredag 8. november 2013

Tida flyr....

Når ein har det kjekt, går tida så uendeleg fort!! Og eg har det verkeleg kjekt her :)

Eg har allereie vore her i meir enn 2 månader, og om 5 veker reiser eg heim att til Norge!
Frå tirsdag til onsdag denne veka var eg i Brazzaville på screening, og meir om det kjem i eit seinare innlegg. No vil eg berre leggje ut litt fleire bilete av dei plastikkirurgiske pasientane våre :)

Me har no berre nokre få pasientar att på avdelinga. Resten får poliklinisk oppfølging til sårskift og til fysio/ergoterapi. Så sjølv om dei ikkje er nede på avdelinga lenger så ser me dei heldigvis støtt og stadig når dei er her til avtalane sine. Mange av dei bur og på HOPE (HospitalOutPatientExtension) centeret, som i bunn og grunn er ein sjukehotell. Der kan me dra på besøk når me vil :) Eg var der seinast i dag, og det er veldig kjekt å sjå dei att. Ein blir kjend med pasientane sine på ein heilt anna måte her enn heime, og det er heilt fantastisk å sjå gleda i augene deira når det ser at nokon dei kjenner kjem på besøk!!

Her er litt bilete:


Frå vesntre: Ana Maria (UK), Mama, Jessica og meg. 
Jessica hadde brannskader på brystet, magen og hofta på høgre side og har tre hudtranspantat for å betre stillinga. Ho kan no rette seg nesten heilt opp og stå strak. Jessica snakkar litt engelsk og får engelsundervisning frå ein av lærarane i akademiet fleire gonger i veka. 

Her leikar eg med Davilov. Mammaen hans kan du sjå i bakgrunnen. Davilov hadde syndactoli på begge hendene. Det vil seie at langfinger og ringfinger er samansveisa, og det er noko han vart fødd med. Han har fått opna det på begge hender og har fått transpantert hud over. Han har no god funksjon i begge hender og leikar mykje med hendene sine. Han er ein storsjarmør og smilar alltid når han ser kjende fjes. Davilov er no på HOPE centeret. 

Dette er Josidore og storebroren hans. Josidore vart beten av ein slange då han var liten og på grunn av det hadde han kontrakturar i venstre fot. Vrista var oppe på ankelen og han gjekk på hælen sin. No har dette blitt løyst opp og han har fått transplantat over. Håpet er at han kan gå med vanlege sko om 6-12 månader. Josidore snakkar ein god del engelsk og me kan ha ganske lange samtalar utan tolk. Han kunne litt då han ankom skipet, og har vore flink å plukka opp mykje under oppholdet sitt. Han er no på HOPE centeret. 

Her er eg saman med Davilov og mammaen hans. Finaste smilet på den guten :) 

Dette er Geril. Han er min favoritt. Han er ein av dei som har vore hjå oss lengst. Han har fått operert begge hendene sine, men det har teke lang tid før såra har grodd. No er han imidlertid på bedringens vei. Kvar dag når eg har tid, så drar eg han med meg opp på dekk 7 der pasientane er kvar dag frå 14.30 til 15.30 for å få frisk luft. Han likar det ikkje, men han treng den friske lufta. Me spelar og Jenga 3-4 dagar i veka på kvelden. Han lærer meg litt fransk og eg lærer han litt engelsk. Me kan ikkje ha ein ordentleg samtale med ord, men det er rart kva ein kan kommunisera med tegn og rørsler! Han har den mest smittande latteren på avdelinga. 

Her er eg saman med Princivi til venstre og Eliezer til høgre i biletet. Det er på same alder og leikar mykje saman. Det har begge operert den eine handa si etter brannskader. Eliezer si skade var dog ein del verre enn Princivi. Dei er begge på bedringens vei og bur på HOPE centeret. 


Her klipper Ilaura håret til Davilov. Måten det føregår på er at ein først klipper så tett inn til skallen som ein kan med ei saks. Deretter tek du eit barberblad, legg det inntil ein kam og "grer" i veg. Heilt til alt håret er ynskja lengde. Så tek dei barberbladet og legg det heilt inntil huden og lagar "kanten" ved å ta vekk alt håret det! Guten på 18 månader sat utruleg nok heilt stille under denne seansen. 


Frå venstre: Courtney (USA, Fysio), Ana Maria (UK, sjukepleiar), Romina (USA, sjukepleiar), pasientens mamma, meg og Wame. 
Wame har hatt kontrakturar i venstre ankel og kne som har blitt retta ut. På grunn av desse har ho eit svakt kne, men med hjelp av ein skinne kan ho gå. Håpet er at med tilstrekkeleg rehabilitering kan ho gå utan skinne om 6-12 månader. 

Kinonou Christelle har hatt kontrakturar i venstre hand etter ein brannskade. Ho har mista lillefingeren sin og har berre ein stump til peikefinger. Dei to andre fingrane har blitt retta ut og håpet er at ho etter kvart kan gripa ting og halde ting med handa si. 


Geril, meg og Ilaura. 
Illaura hadde kontrakturar og venstre alboge og hadde mista så mykje muskulatur at det ikkje var noko att å leggje ny hud over på den armen. Hudtransplantat kan ikkje leggjast over bein og vi måtte difor transplantere ein muskel frå den andre armen. Dette er ein særs risikabel operasjon, men alt har gått bra. Han hadde ein del smerter etter at me byrja å røre litt meir på olbogen, men no klarar han å gjere mange av øvelsane sine utan hjelp. 

Be gjerne om sårtilheling for dei siste pasientane på avdelinga. 


lørdag 19. oktober 2013

Ei elv i Kongo!

Skulle ønske at eg kunne sagt at eg har vore på Kongo-elva, men det kan eg ikkje. Men eg har i alle fall vore på ei elv i Kongo! Me var ei stor gruppe som reiste for å kjøre båt på elva, og 5 av oss vart att og sov over på hotell. Det er heilt fantastisk å komme seg bort frå den konstante duringa frå skipet innimellom! Her kjem litt bilete frå turen:
Danske Elisabeth i framgrunnen, så kjem eg, amerikanske Erin like bak meg og norske Line bak der igjen. 



Heile gjengen i kanoane! 

Så nerme vatnet var me! 

Under skiltet til hotellet me budde på! 
Frå venstre: Meg, Elisabeth, Erin og Line.

Dagen etterpå! Deilig med ein iskald cola på stranda :)

Ellers så e me nå ferdige med de plastikkirurgiske operasjonene, men det er framleis mange sår som treng å legast. Be gjerne om at me unngår fleire infeksjonar og at alle sår legast i dei neste vekene! Kan og informere om at eg skal ein tur til Brazzaville på pre-screening i begynnelsen av november saman med ca 20 andre. Det vert fantastisk kjekt, og eg er heldig som får moglegheita til å vere med på det. Og eg gler meg til å få sjå storbyen. Be gjerne og om at planlegginga av den pre-screeninga skal gå bra! 

Her kjem litt bilete av nokre av pasientane våre:
Aisha

Wame og mora hennar

Davilov

Polianna

Princivi og Johnson



mandag 7. oktober 2013

Plastic surgery!!!

Den siste veka har eg slitt med å komme inn på bloggen pga tregt internett kombinert med treg data, men no fekk eg det til :)

No er me midt i den travlaste perioden av plastikk og rekontsruktiv kirurgi. Det har vore 5 veker med operasjonar og det er 1 veke att. Det betyr at me som arbeidar med sårskift på alle desse har lange dagar. Og det merkast. Me jobbar 8-10 timar kvar dag, og er på beina stort sett heile dagane, men det gjer ingen ting. Me ser så tydeleg nytta av det me gjer når såra legast meir og meir for kvart sårskift. Det er særs givande. Tenkte berre å leggje ut bilete av nokre av pasientane som er på avdeliga no. Har ingen bilete av meg sjølv saman med pasientane, men det kjem etter kvart!

Sahara og Graci

Jemima

Glore

Livet til ein pårørande på skipet! Dei bur under senga til pasienten. 

Visitt med Dr Venter, plastikkirurgen vår

Sahara, Nina og Graci

Aicha

torsdag 19. september 2013

Fakta om....

Republikken Kongo!!! Eller Kongo-Brazzaville som landet og er kjent som. 

Tenkte eg skulle komme med litt info om landet eg er i. Eg har plukke ut det eg synest er viktigast, så slepp du å lese deg gjennom heile artikkelen på wikipedia ;)

Kart over Kongo kan du sjå i eit inlegg frå juni, det tar så lang tid å laste opp bilete her, så droppar å laste opp et nytt! Men landet litt altså i sentral-Afrika og grenser til Den Demokratiske republikken Kongo (DRC), Gabon, Kamerun, Den sentral afrikanske republikk og Angola (berre ein liten flik som har sneke seg inn mellom kongo og DRC. Det er (som namnet tilseier) ein republikk og har ca 4,4 millionar inbyggjarar. Det offisielle språket her er fransk og dei fleste forstår dette, men mange snakkar og Kituba og Lingala. Og i Pointe Noire (der eg held til) forstår særs mange noko Engelsk. Det har vore fransk koloni, men sidan 1960 har dei hatt sitt eige styre. 

På FN's HDI (human development index) ligg Kongo-Brazzaville på 142. plass av 187. Norge er, som vanleg, nr 1. Sierra Leone er nr 177 og Togo er nr 159. Så samanlikna med dei landa eg har vore i før, så ligg dei ganske bra an. Det ser me og tydeleg på infrastrukturen i landet, dei har mellom anna innanriks flytrafikk(!!!), toglinje(!!!!) og bra organisert trafikksystem med trafikkreglar og skilt og alt som høyrer med. Pointe Noire er nok og den byen i landet som er "finast" då det er mykje oljeindustri her og turisme. Det er og den reinaste og ryddigaste Afrikanske byen eg har vore i. Det er mellom anna ikkje lov å selja plastposar her for å forhindre forsøpling. Så ein må ta med eige handlenett på shopping :) 

Her ser de kor lite søppel det er på gata! 

I helga skal eg reise ut av byen, og det gler eg meg til. Skal passe på å ta med meg kamera, slik at eg kan leggje ut litt fleire bilete. 

Ellers så kan eg framleis ikkje melde om så mykje sol. Det er stort sett skya ver her, og me går mot våtare tider. Men varmare skal det bli! 

torsdag 12. september 2013

Tilbake i Afrika :)

No har eg vore her nede i ei veke. Det er veldig fint her nede, byen er ganske annleis enn dei byane eg har vore i tidlegare. Skal prøve å få tatt litt bilete neste gang er er ute på vift og vise dykk! Tida har stort sett gått til jobbing, men eg har fått vore litt av skipet og. Men det er diverre ikkje så veldig fint ver her. Stort sett grått og skya, og det blir faktisk ganske kaldt! Og kaldt betyr då ned mot 20-22 grader på kvelden. Håpar det kjem seg snart og at eg får sett litt sol. Det skal i følge wikipedia bli varmare mot desember!

Me er godt i gang med operasjonane her, og det er veldig kjekt. Det fyllest fort opp på avdelingane. Det har og kome ein del nye reglar vedrørande når ein kan ta private bilete, så det er litt vanskeligare å få tatt bilete saman med pasientane, men eg skal få lagt ut litt forskjellig etter kvart!

Eg har i grunnen berre lyst til å dele ein innlegg frå ei av sjukepleiarane her. Me hadde diverre ein pasient som døydde på avdelinga denne veka, og ho har skrive eit nydelig innlegg om det! Så klikk her om du vil lese det. Anbefalast!




tirsdag 3. september 2013

On my way...

I skrivande stund er eg på vei til Kongo. Eller det vil seie, eg har fullført føste etappe, Oslo-Frankfurt, og skal vente her til i morgon tidleg før eg reiser videre til Pointe-Noire. No gler eg meg skikkelig :) Blir godt å komma fram og ta fatt på arbeidet. Førre veke hadde dei screening der nede og over 7500 møtte opp, og 4200 vart vurdert til operasjon. Akkurat kor mange som får operasjon veit ein ikkje enno. Men eg veit at det er 100 plastikk og rekonstrusjons pasiantar på lista. Og dei skal eg jobbe med, i alle fall dei første vekene.

Eg har ikkje bilete frå denne screeninga, så eg legg ved nokre bilete frå screeninga i Lome, Togo i 2012.