sårskift

sårskift

torsdag 16. mars 2017

Pediatric Surgical Unit

Grunnen til at me er her i Malawi, er at me skal vere med på å støtte det lokale personalet som skal jobbe på post operativ avdeling og på barneintensiv. Begge deler er i eit nytt bygg som er bygd med støtte frå ein organisasjon som heiter Raising Malawi. Per dags dato så finst det ikkje ein særleg veldrifta post-operativ avdeling og det er ein intensivavdeling som tek både born og vaksne, men den er for det meste full. Den har heller ikkje noko særleg utstyr som er tilpassa born. Dette er difor ganske nytt for alle involverte partar.

Slik ser bygget ut frå utsida. Første etage vil vere sengepost med plass til 42 barnekirurgiske pasientar, samt ein intermediæravdeling med 4 plasser. Me skjem til å holde til i andre etage av bygget. 

Det er førebels ein del ting som ikkje er heilt på plass og det er heller ikkje innreda med utstyr. Men me har eit godt inntrykk av korleis det kjem til å bli. Den opprinnelege planen var at det skulle opna i begynnelsen av mars, men det fekk me tidleg høyre at ikkje var heilt realistisk. Me har gradvis jobba oss bakover i kalenderen og nå kryssar me fingrane for at den første pasienten er på plass i starten av mai!

Det malast på veggen i inngangspartiet (ovanfor) og på leikerommet (nedanfor). Malawiske ungdommar frå ein kunstskule som heiter Jarcanda School står for maleria.


Nede på sengeposten er det fullt av utstyr som me etter kvart vil få mykje glede for. Det kjem stadig nye forsendingar med utstyr og ein er i gang med å få ei oversikt over kva som er. Mykje av det er donasjonar frå eit sjukehus i Skottland og frå Oslo Universitetssjukehus. 

Detter er frå sengeposten i første etage. Nedover her er det sengeplasser på begge sider i ein slags "avlukke". Det er 4-6 sengeplassar i kvart avlukke og det er utgang til uteområder frå alle av dei. 

Sjølv om alt ikkje er heilt klart på det nye bygget er det likevell ting me kan bidra med medan me ventar. Me er akkurat ferdige med opplæring i overvåkingsutstyr og sprøytepumpe, og me er igang med å lage undervisningsopplegg som alle skal gjennom før dei startar å jobbe på post-op/barneintensiv. Det er ansett ca 20 sjukepleiarar med ulik erfaring frå tidlegare, og av desse har to vore på utveksling på barneintensiv på Riksen, men elles har ingen av dei noko særleg erfaring frå intensiv. 

Her driv me opplæring på monitor/overvåkningsscoop. 

Her er og litt bilete frå det som etter kvart vert vår faste tilholdsstad: 

Her er det som skal bli barneintensiv. Det vert plass til 6 intensivpasientar, der to av desse plassane er tiltenkt prosjektet me høyrer til som er barnekirurgi. 


Her er det som skal vere Recovery/post-op. Det er her me kjem til å halde til den første tida etter at bygget opnar. 

Her er recovery til høgre og operasjonssalane til venstre. Det er i alt 3 operasjonssalar i bygget. 

Ein av garderobane. 

Ein av TO heisar. Det seiast at den verkar. Eg har ikkje turd å prøve endå. Men som de ser kan i det minste dørene opnast. Det er nokom som kjem og "fiksar" litt på den omtrent kvar dag, så kor godt den egentlig verkar er usikkert. 

Me ser framgang i bygget frå dag til dag no og det er veldig opplyftande. Og det blir veldig kjekt den dagen me kan flytta inn og starta på den verkelege jobben her. Det ryktast forresten og at Madonna (Raising Malawi er hennar organisasjon) kjem til opninga! Og det hadde jo vore stas å treffe på ho :)

søndag 5. mars 2017

Malawi er et vakkert land!

Det er så fantastisk natur her at det knapt kan forklarast. Det er vakre fjell og frodige daler. Malawi er eit land som må opplevast. No er det regntid, og det er sjølvsagt forklaringa på alt det grøne. Og i følgje dei som har vore her i tørketida kan ein knapt forestilla seg korleis det kjem til å sjå ut då når alt vert tørt og sandete. Kontrasten vert nok stor.

Etter berre 2 veker her har me allereie hatt moglegheiten til å reise litt rundt, og her kjem litt bilete:

Her er Likhubula Falls i Mulanje massivet. Veldig deilig å bade der :) 


Her er me på veg opp til Likhubula. Mulanjemassivet er ein monolitt. Innanfor geologien betyr det ein formasjon eller eit fjell som består av ein enkel massiv stein eller ei klippe. Den stig opp utan noko anna fjell rundt seg. Me var på ca 950 moh (trur eg...), men den høgste toppen her er 3002 moh. Det er fleire hytter i fjellet ein kan bu på og mange toppar å bestige. Eg håpar at eg får muligheten til å ta nokre fjelturar opp dit i løpet av dei neste månadane. 


Det blir nokre kilometer i bil.... Her cruiser me rundt i 4-hjulstrekkeren vår, ein Toyota Land Cruiser frå 1998! 


Blandt anna så har me cruisa heile vegen til Lake Malawi. Dit kjem me nok heilt sikkert til å reise fleire gonger og! Skikkelig fint der :) 
Lake Malawi er plassert mellom Malawi, Tanzania og Mozambique. Den er niande størst i verda og tredje størst og ant djupast i Afrika. Total oveflate på innsjøen er 29,600 kvadratkilometer. 

Her er me på båttur og "mater" fiskeørn. Du ser ørnen midt i biletet som tek med seg ein fisk guiden vår kasta ut til den. 

Vatnet var krystallklart! Det er ein spesiell type fisk i Lake Malawi som kallast for Ciklider. Det er mange som har desse som akvariefisk. Me hadde eit lite stopp på ei øy der me snorkla litt saman med desse fiskane. Og det var akkurat som å symje i eit akvarium!!! 

 Her er eg på ei lita øy et par hundre meter frå fastlandet. Det var her me snorkla. 

Kampango-fisk til lunsj.