sårskift

sårskift

fredag 30. desember 2011

Greetings from Ghana!

Gledelig jul!!
Me har no vore i Ghana sidan 15 desember, så vi feira jul her. Sidan mange på skipet er frå USA eller Canada, bar feiringa i stor grad preg av det. Eg sakna pinnekjøt, men forutan det så var det særs kjekt :)

Om 6 dagar reiser me vidare til Togo, og sidan me er i Ghana så kort tid, så har det vore veldig travelt. Me har prøvd å få med oss mest mogleg medan me er her, så fridagane fyllest fort opp. Ghana er særs forskjellig frå Sierra Leone, og kontrastane frå der til her er enorme. Her har ein asfalt på vegane, supermarked, kjøpesenter, varer med fast prislapp, bilar med alle vindauga, dører og interiør, minibussar med aircondition om mykje meir som ein ikkje finn i resten av vest-Afrika. Det kjennest litt rart å komme frå så fattige kår som det er i Sierra Leone og hit. Her kjem litt bilete frå tida i Ghana fram til no:

Her er Danielle og eg i full sving i Gallyen. 

På kvelden på julaften jekk alle rundt og la gaver utanfor dørene. Her er samlinga mi :)

Som seg hør og bør hadde me eit peparkakeskip.

Me var i regnskogen og det regna litt!!!!

Og her er formålet med turen til regnskogen: the Canopy walkway. Hengebruer mellom trea omtrent 30 m høgt oppe. Utrulig kjekt å gå mellom trea :)

Det var alt for no. Eg skal leggje ut fleire bilete frå Ghana snart! 

mandag 12. desember 2011

ByeBye Freetown!!

For to dagar sidan, 10 desember 2011 klokka 12.30 la me frå kai i Freetown, Sierra Leone. Nå er me på god vei til Ghana. Turen til no har gått smertefritt og me har allereie sett delfinar i hopetall, kval og det har blitt spotta hai! Og mange flygefisk. I morgon skal me ha ein 12 timars stopp for å fylle på drivstoff frå et anna skip. Be gjerne om at det skal gå bra!
Her kjem litt bilete frå Freetown og frå avreisedagen:
Her er eg nesten oppe ved universitetet. Båten vår ser du til venstre i biletet. Kvit med blå pipe.

Eit stilig tre. 

Slike finn ein mange av her omkring. 

Bustader me går forbi opp til Universitetet. 

Nokre barn hentar vatn. 

Campusen på universitetet i Freetown. 

Nokre av dei som kom på kaien for å sei farvel til oss. 



Dekk er ganske fullt nå som me selgar då alt som vi brukar å ha på kaien må vere med på båten. Her er nokre av bilane lasta opp.

Landgangen må og vera med!




Losbåten. 

Test av livbåtane. Alle virka som dei skulle. 

Bye bye Freetown!!!


tirsdag 6. desember 2011

The end!!!!

Nå har slutten på feltoppdraget i Sierra Leone 2011 komme. Sjukehuset er stengt. Alt er skrubba og pakka vekk. Det er ei litt rar kjensle å vera sjukehusskip utan sjukehus, men slik er livet på båten. Så om ca 4 dagar drar me herfrå og set kursen mot Ghana. Der ska me ikkje vera sjukehus, men berre fiksa litt på båten. Sjukehuset opnar att i slutten av januar/byrjinga av februar. Så i går byrja eg å jobba i byssa der me lagar maten. Det er førebels særs kjekt :)

Her kan de få sjå litt bilete av pasientar (og sjukepleiarar) frå Sierra Leone:
Ramatu

Eg og Mohamed

Ute på dekk, me tek nemlig med oss pasientane ut på dekk eller på havna 1 time kvar dag. 

Ute på havna

Slik som dette vert borna bore frå dei er heilt små. Her har eg Lesha på ryggen.

Feiring på avdelinga, med ekte afrikanske rytmer. 

Jenneh Bah ute på dekk.

Bilete frå eit av pasientromma. 


tirsdag 22. november 2011

Updates...

Nå har det vore ein liten tørkeperiode her på bloggen. Det e ikkje fordi eg har gjort så mykje spennande, men eg har jobba ein del i det siste. Men det har då skjedd noko sidan sist. Det har mellom anna vore normenn på besøk:


Ellers så har eg vore på Charlotte Falls: 
Me var heilt borte ved fossen og bada og slappa av. Det var ganske så delig!! Og nokre av dei lokale borna dansa og song for oss!!! 
Eg har og vore på rundtur på skipet, ja faktisk heilt nede i maskinrommet!! Her kan de sjå nokre bilete: 
Ein stk fornøyd maskinrom turguide viser oss noko eg ikkje hugsar kva er...
Dette er ein av hovedmotorane (99% sikker på det..)

Det er ellers veldig fint å vere her framles, men og litt trist. Det er no slutten av dette feltoppdraget og det er mange som reiser. Både pasientar og frivillige. Vi er no omlag 370 "crewmembers" på båten, og etter 5 desember vil vi vere omlag 200. Så det er mange å ta farvel med. Men på nyåret kjem det nye, og nokre av dei som reiser kjem attende. Det gjer meg glad :)





mandag 7. november 2011

Bilder, bilder, bilder

Tenkte bare å legga ut litt ymse bilder frå de siste to vekene!

Palmer på Bureh Beach

Lunsj på stranda!! Og fisken va faktisk heilt nyfiska :)


Her omkring så brukar dei fleste hovudet når dei skal frakta ting med seg



Her kjøyrer me PodaPoda. Det er ein slags minibuss. Stort sett er det Hiace eller Caravelle lignande bilar som dei har putta benkar i. Plass til omlag 25 stk i ein :) Pluss barn sjølvsagt. Kostar 2,50 for ein times tur. 
Eg har vore på gudstjeneste i ei lokal kyrkje. 


Og eg har vore på stranda igjen!!! 

lørdag 5. november 2011

Sende post til meg???

Viss du som les dette er interessert i å sende post til meg så er det altså fullt mulig :) Men ver obs på at det tek tid frå du sender meg noko til eg har det. Her er adressa du kan sende eventuell post til:
Gunn June Lund- Hospital
c/o Mercy Ships - M/V Africa Mercy
Strevelsweg 700/317
3083 AS Rotterdam
The Netherlands 
Men kvifor sende post til nederland når eg er i Afrika tenkjer du? Posten blir nemlig sendt samla frå Nederland til skipet, så slepp du å tenkje på kvar skipet er til ei kvar tid og om posten kjem fram før me drar vidare. Og dersom du har tenkt å sende post, så er det fint om du tek omsyn til vekta, då eg må betale per kilo post eg mottek (ca 100 kr per kilo, alt etter dollarkursen). 

Og til informasjon så kan det vere eg sender deg noko frå Afrika der som eg får adressa di :)

mandag 31. oktober 2011

Sierra Leone

Landet som Africa Mercy har vert i sidan februar, er Sierra Leone. Her skal me bli til litt ut i desember. Så eg tenkte å komme med litt fakta om landet!

Det er altså lokalisert i vest afrika, og om du vil sjå kart kan du bla litt lenger ned i bloggen. Det er ein tidlegare koloni, og vart fri frå Storbritannia i 1961. I 1991 braut det ut ein borgarkrig som varte i 10 år, og ein slit framleis med etterverknadane frå krigen. Hovudstaden i landet er Freetown, med sine omtrent 750 000 innbyggere. Landet er særs fattig og ligg på bunnen på FN si rangering av verdas land.

Levestandarden her er svært låg.  I Freetown bur dei fleste i nedbrente hus, rønner og små hytter. Nesten ingen har innlagt vann og det er mange som ikkje har strøm, i dei fattige delene av byen. Gjennomsnittlig levealder i Sierra Leone er 41,8 år og 74,5 % av befolkinga lever på mindre enn 2 USD om dagen. Til samanlikning er forventa levealder i Noreg 79,4 år!!

Her kan de sjå litt av byen:
Dette er utsikt mot byen frå skipet. 

fredag 21. oktober 2011

2 veker og 5 dagar i Afrika!!!

Ja som overskrifta seier har eg no vore 2 veker og 5 dagar i Sierra Leone, Afrika. Og tida her har gått vannvittig fort!! Det går sjølvsagt mykje tid til jobbing, men innimellom så rekke eg litt anna og!

Maten her er veldig usunn, typisk amerikansk mat, så eg har vore to ganger på "treningstur" opp te universitetet her. Det e ein 35 min gåtur, i bratt terreng. Viktig med litt trim innimellom!! Og i helga var me på overnattingstur te ei av Afrikas nydeligaste strender, nr 2 River. På biletet ser den ikkje like fin ut som den stranda eg var på sist, men det er berre for det ikkje var like fint ver!


Eg har og vore på markedet, som bare må opplevast. Ubesrivelig!!! Så der får eg øvd meg litt på å pruta, for her er det mulig å forhandle om prisen på ALT!!!

tirsdag 11. oktober 2011

Oppdatering

Då har eg endelig fått intenett på macen!! Jippi :)

Det er elendig internett her, så det tar år og dag å legga ut bilder, så viss nogen kan forklara meg koss eg komprimere de så hadde det vore fint!

Då begynne me med første bilde:
Gunn June og bagasje vente på flytoget
Gunn June vente på flyet i Bryssel. Trøtt ja..
Utsikt frå ferja me måtte ta over elva frå flyplassen te byen:
Gunn June på ferja:
My crib:
Utsikten mot havna: 
Og i dag va me ein tur på stranda, og fekk ei strand heilt for oss sjøl. ca 28 grader og sol. NYDELIG :)