sårskift

sårskift

torsdag 12. januar 2017

Fakta om Malawi!

I år som tidlegare år så kjører eg eit innlegg med litt fakta om landet eg skal til. Så slepp de å google gjølv! Kvar det ligg i Afrika kan de sjå i førre innlegg, og under her er eit kart over Malawi:


Hovedstaden er Lilongwe som er markert med raud prikk. Byen eg skal bu i er Blantyre som de ser litt lengre sør. Lilongwe er største by med 1,077,116 (2015) innbyggjarar, men Blantyre er like bak med 1,068,681 (2015).

Malawi er eit relativt lite land målt i areal, Noreg er omlag 3 gonger større, med det har ei total befolking på omkring 18 millionar. Noko som gjer det til eit av Afrikas tettast befolka land. Forventa gjennomsnittleg levealder er ca 57 for menn og 60 for kvinner (WHO, 2015) og medianalderen er 17 år. Heile 45% av befolkinga i Malawi er under 15 år! I Noreg er forventa gjennomsnittleg levealder 80 år for menn og 84 for kvinner, medianalderen er 39 år og 19% av befolkinga vår er under 19 år.
UNHDI (United Nations Human Development Index) seier noko om inntektsnivå, levealder og helse og utdanning. På denne indexen er Noreg nr 1. Malawi er nr 173 av totalt 188 land. Malawi er og eit av dei aller fattigste landa i verden, og omlag 90% jobbar i tilknytning til jordbruk.

Malawi er ein tidlegare britisk koloni og fekk sitt eige sjølvstyre i 1964. Frå 1966 var det republikk, men berre med eit parti og med ein pesident som sat på livstid. Frå 1994 har det vore frie, demokratiske val i landet.



Slik som dette fortel Google meg at Blantyre ser ut. Blir spennande å sjå om det stemmer :)


Blantyre vart grunnlagd i 1876 av skotske misjonærar. Den ligg i eit område med mykje fjell, har variert topografi og ligg mellom 780 og 1612 moh. Klimaet er tropisk og det er hovudsakleg to "årstider". Regntida er frå november til april. Frå mai til oktober er det tørketid. Den varmaste tida av året er regntida, og den kalde er tørketida. Kaldt betyr her ein fin norsk sommar, men det kan faktisk verte under 10 grader på natta. Trur eg skal pakke litt varme klede!