sårskift

sårskift

mandag 4. juni 2012

7 dagar igjen...

Som overskrifta seier så har eg ei veke igjen i Afrika. Eg har vore her i 8 månader! Og tida har flydd. Eg har gjort så mykje. Mykje meir enn eg kunne drømt om. Eg har vore i 4 vest afrikanske land, fått venner frå heile verden, reist omkring på Afrikansk vis, hatt late dagar på nokon av verdas vakraste strender, hatt grillfestar på kaien, hatt verdens beste jobb, seilt på ei ferge i 5 dagar, sove under stjernene, sett utallige solnedgangar, spist verdens beste mango og ananas, hatt chai latte på Starbucks nesten daglig og så mykje mykje meir. Og no er eg snart klar for Norge igjen. Det er litt trist no når alle reiser kvar til sitt og det er mange eg ikkje kjem til å sjå igjen, og mange eg ikkje kjem til å sjå på lenge! Men eg gler meg og til å sjå alle der heime igjen :)

Her er litt bilete frå tida mi i Afrika:

Streetwiew i Freetown! 
Vakre Bureh beach :)
Aldri fullt i ein PodaPoda. 
Skipet på havna i Freetown. 
Jul på skipett i Ghana. 
Soloppgang på vei ut av Ghana. 
Kanopy walkway. 
På vei til toppen av mt Agou. 
Screening i Togo.
Ganvie. Styltebyen. 
Safari i Ghana. 
Påskefrokost på senga. 
Gøy på sjukehuset :)
Akkurat som ei afrikansk mor. 
Helikopterlandeplassen på USS Swift som var vår nabo i to dagar.