sårskift

sårskift

onsdag 6. mars 2013

Guinea

Guinea er eit land på storleik med Storbritannia i Vest Afrika. Det har omlag 10 millionar innbyggarar og hovudstaden er Conakry, der Africa Mercy no er stasjonert. Her kan de sjå Guinea på eit kart.

På FNs oversikt over utviklingsgrad i ulike land er Guinea nr 178 (av 187) og er klassifisert som eit land med lav utviklingsgrad. Til samanlikning er Noreg nr 1 på lista. Dersom eit barn i dag vert fødd i Guinea kan det forvente å bli 54,1 år. I Noreg kan ein forvente å bli heile 81,1 år. Dersom ein utjamnar det mtp forskjell i inntekt kan dei fattigaste her berre rekne med å bli 42,2 år. Her lever nemleg over 60% av befolkinga i ekstrem fattigdom. I snitt har vaksne i Guinea 1,6 års skulegang medan det i Noreg er på 12,6 år.

Det er tredje gongen Mercy Ships er i Guinea, og første gongen for Africa Mercy. Så langt har eg ikkje fått sett så mykje av landet, men den delen av byen me er den rikaste og det området dei fleste ambassadane er i. Pga eit kommande presidentval i mai har det vore ein del opprør dei siste vekene så det er fleire delar av byen me ikkje kan dra til, men eg håpar på å få sett litt meir etter kvart. Og kanskje reise ut av byen og!

Her er litt bilete frå eit besøk på HOPE center i går. Og det er forresten sol og rett i underkant av 30 grader her :)







2 kommentarer: