sårskift

sårskift

tirsdag 22. november 2011

Updates...

Nå har det vore ein liten tørkeperiode her på bloggen. Det e ikkje fordi eg har gjort så mykje spennande, men eg har jobba ein del i det siste. Men det har då skjedd noko sidan sist. Det har mellom anna vore normenn på besøk:


Ellers så har eg vore på Charlotte Falls: 
Me var heilt borte ved fossen og bada og slappa av. Det var ganske så delig!! Og nokre av dei lokale borna dansa og song for oss!!! 
Eg har og vore på rundtur på skipet, ja faktisk heilt nede i maskinrommet!! Her kan de sjå nokre bilete: 
Ein stk fornøyd maskinrom turguide viser oss noko eg ikkje hugsar kva er...
Dette er ein av hovedmotorane (99% sikker på det..)

Det er ellers veldig fint å vere her framles, men og litt trist. Det er no slutten av dette feltoppdraget og det er mange som reiser. Både pasientar og frivillige. Vi er no omlag 370 "crewmembers" på båten, og etter 5 desember vil vi vere omlag 200. Så det er mange å ta farvel med. Men på nyåret kjem det nye, og nokre av dei som reiser kjem attende. Det gjer meg glad :)





mandag 7. november 2011

Bilder, bilder, bilder

Tenkte bare å legga ut litt ymse bilder frå de siste to vekene!

Palmer på Bureh Beach

Lunsj på stranda!! Og fisken va faktisk heilt nyfiska :)


Her omkring så brukar dei fleste hovudet når dei skal frakta ting med seg



Her kjøyrer me PodaPoda. Det er ein slags minibuss. Stort sett er det Hiace eller Caravelle lignande bilar som dei har putta benkar i. Plass til omlag 25 stk i ein :) Pluss barn sjølvsagt. Kostar 2,50 for ein times tur. 
Eg har vore på gudstjeneste i ei lokal kyrkje. 


Og eg har vore på stranda igjen!!! 

lørdag 5. november 2011

Sende post til meg???

Viss du som les dette er interessert i å sende post til meg så er det altså fullt mulig :) Men ver obs på at det tek tid frå du sender meg noko til eg har det. Her er adressa du kan sende eventuell post til:
Gunn June Lund- Hospital
c/o Mercy Ships - M/V Africa Mercy
Strevelsweg 700/317
3083 AS Rotterdam
The Netherlands 
Men kvifor sende post til nederland når eg er i Afrika tenkjer du? Posten blir nemlig sendt samla frå Nederland til skipet, så slepp du å tenkje på kvar skipet er til ei kvar tid og om posten kjem fram før me drar vidare. Og dersom du har tenkt å sende post, så er det fint om du tek omsyn til vekta, då eg må betale per kilo post eg mottek (ca 100 kr per kilo, alt etter dollarkursen). 

Og til informasjon så kan det vere eg sender deg noko frå Afrika der som eg får adressa di :)