Me har no lagt til kai i Togo. Her skal me vera fram til juni. Her kjem litt fakta om landet:
Togo er ein tidlegare fransk koloni. Hovudstaden er Lome med omlag 730 000 innbyggjarar. Det er og den største byen. Det vanlegaste språket her er fransk etterfulgt av ewe. Så nå må eg læra meg fransk. Dei næraste naboane til Togo er Ghana i vest, Benin i aust og Burkina Faso i nord. Om du er usikker på kor det er kan du sjå kart
HER! Togo er ei lita smal stripe i vest-afrika.
Eg gler meg til å utforske landet meir i månadane som kjem! Førebels har eg vore på mt Agou som er det høgste fjellet i Togo. Her er me på toppen:
Føremålet med oppholdet her i Togo, er som vanleg å hjelpe dei som treng det mest. Og for å finne dei har me hatt screening. 3500 møtte opp og av dei vart omlag 1000 sendt vidare. Det er enno ikkje endelig bestemt kor mange av dei som får operasjon, men iallefall halvparten av dei skal få hjelp. Nokre av dei har allereie blitt operert! Behovet her er som dei fleste andre vest-afrikanske land: stort!! Her kjem litt bilete frå den dagen:
Ein Mercy Ships land rover utanfor stadionet me hadde screeningen på.
Ein liten bit av køen
Her tar eg opp pasienthistorie på ei lita jente med ein godarta svulst på leppa.
Jenny og Danielle leikar med borna medan dei ventar på sin tur.
Eit av venteromma inne for dei som var så heldige at dei fekk komma inn.
Be gjerne om at alle operasjonane framover skal gå bra!!