sårskift

sårskift

torsdag 28. november 2013

Screening i Brazzaville!

For et par veker sidan fekk eg vere med til hovudstaden i Kongo, Brazzaville, på ein screening der. Det var ein veldig kjekk ting å vere med på! Me reiste opp tysdag ettermiddag og kom attende til Pointe-Noire onsdag kveld, så det gjekk fort unna.

Sjølve screeninga var onsdag på dagen, og det var nærare 300 pasientar som vart sett opp til å komme til skipet til nærare undersøkingar. I andre land har pasientane sjølv måtte sørgje for transport til skipet, men her har regjeringa lova å hjelpe til med dette. Det gjer at vi har håp om at dei fleste av pasientane vil klare å komme seg hit. Regjeringa har og oppretta eit senter dei kan bu på fram til evt operasjon.

Her kjem litt bilete frå Brazzaville:

Litt av køen! Det var utruleg varmt i Brazzaville, og sola skein heile dagen, så det var veldig greitt å stå under telta i skuggen. 

Dette er Esther. Ho skal komme til vidare undersøkingar på skipet snart. 

Her har ein pasient fått beviset på at ho skal komme til skipet. Det gule pasientkortet. Ho kjem til plastics screening i januar! 

Her vert fleire gule pasientkort delt ut. 

Her forklarar eg via Rich, som er frå Kongo, kva dei kan forvente når dei kjem til skipet og korleis ting vil føregå når dei kjem. 

Ei nydelig lita solstråle som skal komme å fikse leppa si :) 

Og nok ein søtnos!! 

Heile gjengen som reiste frå skipet til Brazzaville. Alle dei med orange caps er tolkar. 

 Tysdag kveld var me ute og åt middag. Her er utsikta vår. Kongoelva, men Kinshasha i bakgrunnen.


fredag 8. november 2013

Tida flyr....

Når ein har det kjekt, går tida så uendeleg fort!! Og eg har det verkeleg kjekt her :)

Eg har allereie vore her i meir enn 2 månader, og om 5 veker reiser eg heim att til Norge!
Frå tirsdag til onsdag denne veka var eg i Brazzaville på screening, og meir om det kjem i eit seinare innlegg. No vil eg berre leggje ut litt fleire bilete av dei plastikkirurgiske pasientane våre :)

Me har no berre nokre få pasientar att på avdelinga. Resten får poliklinisk oppfølging til sårskift og til fysio/ergoterapi. Så sjølv om dei ikkje er nede på avdelinga lenger så ser me dei heldigvis støtt og stadig når dei er her til avtalane sine. Mange av dei bur og på HOPE (HospitalOutPatientExtension) centeret, som i bunn og grunn er ein sjukehotell. Der kan me dra på besøk når me vil :) Eg var der seinast i dag, og det er veldig kjekt å sjå dei att. Ein blir kjend med pasientane sine på ein heilt anna måte her enn heime, og det er heilt fantastisk å sjå gleda i augene deira når det ser at nokon dei kjenner kjem på besøk!!

Her er litt bilete:


Frå vesntre: Ana Maria (UK), Mama, Jessica og meg. 
Jessica hadde brannskader på brystet, magen og hofta på høgre side og har tre hudtranspantat for å betre stillinga. Ho kan no rette seg nesten heilt opp og stå strak. Jessica snakkar litt engelsk og får engelsundervisning frå ein av lærarane i akademiet fleire gonger i veka. 

Her leikar eg med Davilov. Mammaen hans kan du sjå i bakgrunnen. Davilov hadde syndactoli på begge hendene. Det vil seie at langfinger og ringfinger er samansveisa, og det er noko han vart fødd med. Han har fått opna det på begge hender og har fått transpantert hud over. Han har no god funksjon i begge hender og leikar mykje med hendene sine. Han er ein storsjarmør og smilar alltid når han ser kjende fjes. Davilov er no på HOPE centeret. 

Dette er Josidore og storebroren hans. Josidore vart beten av ein slange då han var liten og på grunn av det hadde han kontrakturar i venstre fot. Vrista var oppe på ankelen og han gjekk på hælen sin. No har dette blitt løyst opp og han har fått transplantat over. Håpet er at han kan gå med vanlege sko om 6-12 månader. Josidore snakkar ein god del engelsk og me kan ha ganske lange samtalar utan tolk. Han kunne litt då han ankom skipet, og har vore flink å plukka opp mykje under oppholdet sitt. Han er no på HOPE centeret. 

Her er eg saman med Davilov og mammaen hans. Finaste smilet på den guten :) 

Dette er Geril. Han er min favoritt. Han er ein av dei som har vore hjå oss lengst. Han har fått operert begge hendene sine, men det har teke lang tid før såra har grodd. No er han imidlertid på bedringens vei. Kvar dag når eg har tid, så drar eg han med meg opp på dekk 7 der pasientane er kvar dag frå 14.30 til 15.30 for å få frisk luft. Han likar det ikkje, men han treng den friske lufta. Me spelar og Jenga 3-4 dagar i veka på kvelden. Han lærer meg litt fransk og eg lærer han litt engelsk. Me kan ikkje ha ein ordentleg samtale med ord, men det er rart kva ein kan kommunisera med tegn og rørsler! Han har den mest smittande latteren på avdelinga. 

Her er eg saman med Princivi til venstre og Eliezer til høgre i biletet. Det er på same alder og leikar mykje saman. Det har begge operert den eine handa si etter brannskader. Eliezer si skade var dog ein del verre enn Princivi. Dei er begge på bedringens vei og bur på HOPE centeret. 


Her klipper Ilaura håret til Davilov. Måten det føregår på er at ein først klipper så tett inn til skallen som ein kan med ei saks. Deretter tek du eit barberblad, legg det inntil ein kam og "grer" i veg. Heilt til alt håret er ynskja lengde. Så tek dei barberbladet og legg det heilt inntil huden og lagar "kanten" ved å ta vekk alt håret det! Guten på 18 månader sat utruleg nok heilt stille under denne seansen. 


Frå venstre: Courtney (USA, Fysio), Ana Maria (UK, sjukepleiar), Romina (USA, sjukepleiar), pasientens mamma, meg og Wame. 
Wame har hatt kontrakturar i venstre ankel og kne som har blitt retta ut. På grunn av desse har ho eit svakt kne, men med hjelp av ein skinne kan ho gå. Håpet er at med tilstrekkeleg rehabilitering kan ho gå utan skinne om 6-12 månader. 

Kinonou Christelle har hatt kontrakturar i venstre hand etter ein brannskade. Ho har mista lillefingeren sin og har berre ein stump til peikefinger. Dei to andre fingrane har blitt retta ut og håpet er at ho etter kvart kan gripa ting og halde ting med handa si. 


Geril, meg og Ilaura. 
Illaura hadde kontrakturar og venstre alboge og hadde mista så mykje muskulatur at det ikkje var noko att å leggje ny hud over på den armen. Hudtransplantat kan ikkje leggjast over bein og vi måtte difor transplantere ein muskel frå den andre armen. Dette er ein særs risikabel operasjon, men alt har gått bra. Han hadde ein del smerter etter at me byrja å røre litt meir på olbogen, men no klarar han å gjere mange av øvelsane sine utan hjelp. 

Be gjerne om sårtilheling for dei siste pasientane på avdelinga.