sårskift

sårskift

torsdag 19. september 2013

Fakta om....

Republikken Kongo!!! Eller Kongo-Brazzaville som landet og er kjent som. 

Tenkte eg skulle komme med litt info om landet eg er i. Eg har plukke ut det eg synest er viktigast, så slepp du å lese deg gjennom heile artikkelen på wikipedia ;)

Kart over Kongo kan du sjå i eit inlegg frå juni, det tar så lang tid å laste opp bilete her, så droppar å laste opp et nytt! Men landet litt altså i sentral-Afrika og grenser til Den Demokratiske republikken Kongo (DRC), Gabon, Kamerun, Den sentral afrikanske republikk og Angola (berre ein liten flik som har sneke seg inn mellom kongo og DRC. Det er (som namnet tilseier) ein republikk og har ca 4,4 millionar inbyggjarar. Det offisielle språket her er fransk og dei fleste forstår dette, men mange snakkar og Kituba og Lingala. Og i Pointe Noire (der eg held til) forstår særs mange noko Engelsk. Det har vore fransk koloni, men sidan 1960 har dei hatt sitt eige styre. 

På FN's HDI (human development index) ligg Kongo-Brazzaville på 142. plass av 187. Norge er, som vanleg, nr 1. Sierra Leone er nr 177 og Togo er nr 159. Så samanlikna med dei landa eg har vore i før, så ligg dei ganske bra an. Det ser me og tydeleg på infrastrukturen i landet, dei har mellom anna innanriks flytrafikk(!!!), toglinje(!!!!) og bra organisert trafikksystem med trafikkreglar og skilt og alt som høyrer med. Pointe Noire er nok og den byen i landet som er "finast" då det er mykje oljeindustri her og turisme. Det er og den reinaste og ryddigaste Afrikanske byen eg har vore i. Det er mellom anna ikkje lov å selja plastposar her for å forhindre forsøpling. Så ein må ta med eige handlenett på shopping :) 

Her ser de kor lite søppel det er på gata! 

I helga skal eg reise ut av byen, og det gler eg meg til. Skal passe på å ta med meg kamera, slik at eg kan leggje ut litt fleire bilete. 

Ellers så kan eg framleis ikkje melde om så mykje sol. Det er stort sett skya ver her, og me går mot våtare tider. Men varmare skal det bli! 

torsdag 12. september 2013

Tilbake i Afrika :)

No har eg vore her nede i ei veke. Det er veldig fint her nede, byen er ganske annleis enn dei byane eg har vore i tidlegare. Skal prøve å få tatt litt bilete neste gang er er ute på vift og vise dykk! Tida har stort sett gått til jobbing, men eg har fått vore litt av skipet og. Men det er diverre ikkje så veldig fint ver her. Stort sett grått og skya, og det blir faktisk ganske kaldt! Og kaldt betyr då ned mot 20-22 grader på kvelden. Håpar det kjem seg snart og at eg får sett litt sol. Det skal i følge wikipedia bli varmare mot desember!

Me er godt i gang med operasjonane her, og det er veldig kjekt. Det fyllest fort opp på avdelingane. Det har og kome ein del nye reglar vedrørande når ein kan ta private bilete, så det er litt vanskeligare å få tatt bilete saman med pasientane, men eg skal få lagt ut litt forskjellig etter kvart!

Eg har i grunnen berre lyst til å dele ein innlegg frå ei av sjukepleiarane her. Me hadde diverre ein pasient som døydde på avdelinga denne veka, og ho har skrive eit nydelig innlegg om det! Så klikk her om du vil lese det. Anbefalast!




tirsdag 3. september 2013

On my way...

I skrivande stund er eg på vei til Kongo. Eller det vil seie, eg har fullført føste etappe, Oslo-Frankfurt, og skal vente her til i morgon tidleg før eg reiser videre til Pointe-Noire. No gler eg meg skikkelig :) Blir godt å komma fram og ta fatt på arbeidet. Førre veke hadde dei screening der nede og over 7500 møtte opp, og 4200 vart vurdert til operasjon. Akkurat kor mange som får operasjon veit ein ikkje enno. Men eg veit at det er 100 plastikk og rekonstrusjons pasiantar på lista. Og dei skal eg jobbe med, i alle fall dei første vekene.

Eg har ikkje bilete frå denne screeninga, så eg legg ved nokre bilete frå screeninga i Lome, Togo i 2012.