sårskift

sårskift

tirsdag 16. april 2013

Baby Rescue Center


For et par veker sidan var eg på et barneheim her i byen. Det er drive av ei canadisk dame som har budd her i landet i 16 år. For ca 6 år sidan kom nokon til ho med ein forlatt baby og etter det starta ho barneheim for forlatte barn. I utgangspunktet tek ho berre inn barn som er under eit år, men det finst visse unntak.

Borna ho tek imot vert forlatt av foreldra av ukjent grunn og ho og 4 andre damer tek vare på dei i håp om å adoptera dei bort. I skrivande stund er ei jente på veg til Canada og eit tvillingpar ventar på dei siste dokumenta før dei kan dra til USA med sine nye foreldre. Når dei blir større og ikkje har blitt adopterte blir dei sendt vidare til andre barneheim for større barn.

Sidan alle barna er små treng dei mykje merksemd og kos. Og der kjem me inn i biletet. Kvar laurdag dreg ein bil med 9 Mercy Ships Crew til senteret for å leike med borna, kose med dei og mate dei. Snakk om fin teneste J Eg var der om sagt for litt sidan og på laurdag skal eg attende. Det gler eg meg veldig til.

Her er litt bilete frå sist gang eg var der :














3 kommentarer:

  1. Wow!! Nå blei eg litt rørt her :) Så heldigge du e så får oppleva det!! :)

    SvarSlett
  2. Hei Nå har olaug og Livi fått sett bilder frå bloggen din. Dei er imponerte og syns det er fantastisk å sjå. Skal helse så mykje til deg frå dei. Gledar meg til du kjem heim. KOS DEG dei dagane du har igjen der.
    Stor knip frå mamma

    SvarSlett