sårskift

sårskift

søndag 30. juni 2013

Kongo-Brazzaville 2013

Sidan sist har eg kome heim att til Noreg, og brukt ein del tid på å førebu meg til neste tur til skipet. Den 4. september 2013 reiser eg avgårde att, denne gongen skal eg lenger sør enn tidlegare. Eg reiser nemlig til Kongo-Brazzaville. Så tenkjer du kanskje at det høyrest farleg ut, men då tenkjer du nok på det andre Kongo. Kongo-Kinshasha (DRC), eller Zaïre som det heitte tidlegare. Men dit skal eg ikkje. Det er nabolandet.

Her kan ein sjå det på eit kart:
Eg skal til det litle landet som er litt lysare på farge. Byen me skal til heiter Pointe Noir. 

Dette er eit land som til dels er meir utvikla enn andre land Mercy Ships har arbeidd i, så mykje av fokuset her kjem til å vera undervisning og vidare utdanning av lokalt helsepersonell. Det kjem til å vere tannlegar, kirurgar av ulikt slag, sjukepleiarar og steriliseringspersonell som skal blir opplærte av personell på skipet. Akkurat korleis det vert gjennomført veit eg ikkje heilt, men eg gler meg til å vere ein del av det! 

Sidan eg har vore på skipet ein del dei siste åra, og det kostar pengar, så byrjar det å bli tomt på sparekontoen min. Ein må nemlig betale for opphaldet sitt på skipet, samt flybillettar og andre utgifter det medfører. Difor er eg no litt frimodig, og dersom du har lyst til å bidra med ei gåve til meg vil det bli sett stor pris på. 

Dersom du har lyst til å gi ei gåve, litan eller stor, så har eg oppretta ein konto til dette føremålet. Det er kontonummer: 3361.18.06049. Merk gjerne gåva med navn. Du kan gi ei samla gåve eller månedlig dei tre månadane eg er der nede. 

Dersom du ynskjer å få skattefritak for gåva du gir, må denne gis via Mercy Ships Norge, og personnummer må registrerast hjå dei. Gåva må og vere over 500 kr per år for å gi skattefritak. Du kan gå gi til kontonummer: 3201.10.86569 og merkje det med navnet mitt. Då det tek litt tid før eg får pengane, er det enklast om du gir heile summen på ein gong dersom du gir her. Les meir om gåver til Mercy Ships her og gåver til mannskap her. Det er dog verdt å merkje seg at desse sidene ikkje er heilt oppdaterte, men kontonummera skal stemme. Det har eg sjekka :)

Dersom eg har penger til overs før eg reiser heim att kjem dei pengane til å gå til noko som heiter west-african-fund. Dette er for å støtte vest-afrikansk mannskap på skipet som ellers har vanskar for å få dekka kostnnadane sine. Gjennom fondet kan dei motta månedleg støtte slik andre mottek frå sponsorar i heimlandet. Dette er behovsprøvd, og for mange av dei den einaste måten dei kan vere mannskap på skipet på. 

Eg håpar og de vil vere med å be for landet, for skipet, for arbeidet og for alle som er mannskap!

Oppdateringar kjem når det nermar seg avreise :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar