sårskift

sårskift

fredag 30. mars 2012

B-ward!!

Sykehuset her på skipet er delt inn i 3 avdelignar. A-ward- Generell kirurgi, B-ward- Plastikk kirurgi (og seinare VVF) og D- ward- MaxFax kirurgi. Eg jobbar på B-ward og det innber stort sett sårskift. Sidan afrikanarar har dårligare ernæringsstatus enn dei fleste har heime, gror sår seinare her. Dei har og oftare infeksjonar i forkant av ein operasjon og det er vaskelegare for dei å oppretthalde god hygiene heime sidan dei ofte bur mange tett saman, og det er mangel på reint vatn. Det gjer at mange av pasientane våre er på avdelinga svært lenge. Me blir godt kjent med dei og det er stor stas. Dei siste to vekene har eg ikkje vore inne på avdelinga, men eg har vore på sårskiftstova og vaska og bandasjert 4-8 sår per dag. Det er svært lærerikt og eg synest det er veldig kjekt!!

Her er bilete og litt om nokre av pasientane som er hjå oss: 
Dette er Mifatu. Han er 9 år gammal og har vorte operert på Africa Mercy tidlegare. Han fekk alvorlege brannskadar i anletet då han var omlag 10 månader. Denne gongen fekk han ny underleppe og nytt augelokk på venstre auge. 

Dette er Tani. Ho vart brannskadd som lita, og har skader i anletet og på brystet. Ho var på Africa Mercy i 2010 og fekk ny nase og reparert eit øyra. Denne gongen fekk ho transplantert hud over venstre auge der det berre var eit hol. 

Abel er ein 4 år gammal gut som hadde kontraktur  på venstre fot. Det har blitt fiksa med ein skinntransplantasjon. Den vetle guten er lillebroren hans. Me har innimellom slike "bonuspasientar" :)

Her er Ramziatu. Ho er 18 år gammal og hadde kontrakturar etter brannskade på høgre hand. Det har vorte fiksa med ein skinntransplantasjon. 
Dette er min favoritt. 13 år gamle John! Han hadde alvorlege kontrakturar i nakken og haka. Han hadde og ei skadd hand. No har han fått ein hand han kan bruke og han har eit stort transplantat på venste skulder og hals som gjer at han han røre hovudet att. 


Dette er 5 år gamle Lumen. Ho hadde brannskader på begge føter som gjorde at ho ikkje kunne gå. Ho har transplantat på begge føter, og håpet er at ho lærer seg og gå. Ho har allereie begynt litt!!! 

Her er 7 år gamle Mokbokpo. Ho hadde brannskader på begge armane som har blitt hudtranspantert slik at ho kan bruke hendene sine. 

Det er stort å sjå kor takknemlige pasientane er når dei ser resultata av operasjonane. Me har hatt mange infeksjonar i år, men i det siste har me fått mange negative resultat attende. Det er fantastisk å sjå sår som blir betre dag for dag. Gud er GOD!!!



mandag 12. mars 2012

Back to Ghana!!

Sidan eg er her nede i meir enn 6 mnd, så har eg høve til å ta ut nokre dagar ferie! Det gjorde eg for et par veker sidan, og reiste tilbake til Ghana saman med Jenny. Her er oversikt over reisa vår dag for dag:

Dag 1: Lome, Togo- Bogoso, Ghana (via Accra) (ca 9 timar)
Dag 2: Bogoso - Kumasi (4 timar), Kumasi - Tamale (8 timar)
Dag 3: Tamale - Mole national park (6 timar)
Dag 4: SAFARIDAG!!!
Dag 5: Mole -Tamale (5,5 timar), Tamale -Kumasi (8 timar), Kumasi- Accra (6,5 timar)
Dag 6: Accra, Ghana- Lome, Togo (3,5 timar)

Her kan de sjå kart over reiseruta vår til Tamale, eg fekk ikkje til å legge inn Mole, men de kan sjå parken til venstre for Tamale!

Det er ei heilt spesiell oppleving å reise i Afrika. Alt går etter si eiga klokke! Så me måtte ha med oss mykje tålmod. Første to dagane av turen reiste me saman med ein av legane her på skipet. Han er pensjonist og har dei siste par åra vore i Ghana fleire gonger og hjelpt til med å byggja ein skule. Me var så heldige at me fekk vera med å sjå framgangen der.

Her er dr Quinby, Jenny og Koffi utanfor skulen:

Det hadde vore stas å reist tebake dit i mai når han nermar seg ferdig, så me får sjå om det lar seg gjere. 

Etter at me drog frå skulen reiste me til Kumasi og vidare til Tamale som er langt nord i Ghana. Der sov me eit par timar før me sette oss for å venta på bussen som skulle ta oss til Mole National Park. Den måtte me venta lenge og vel på. Den skulle gå klokka 13.30, men først klokka 19.30 kom den. Verkeleg på African time :) Men me kom oss trygt fram, og hadde det kjekt medan me venta. Her er eit vente-på-bussen-bilete: 
Me traff og på 4 norske jenter der som og skulle til Mole! Stas :) 

Så kom me oss fram til målet for reisa, og neste dag var me klare for safari. Den første turen starta klokka 07.00 og det var ein vandre-safari som tok omlag 2 timar. Her er litt bilete frå den: 
Viss du ser godt etter så ser du ein krokodille!

Dette er foravtrykket til ein elefant. 

Og dette fotavtrykket til ei løve. 

Her er turguiden/vakten vår. 

Viss du ser godt etter så ser du ein liten antilopefamilie. 

Pumba og pumbababy :)

Her er området me vandra rundt i. 

Så hadde me nokre avslappande timar i varmen (ca 35 grader) før me dro på ein kjøresafari på ettermiddagen. Det var utruleg artig!!! Her er litt bilete frå det: 
Ein antilope. 

Jenny og meg på taket av land roveren. 

EIN EKTE ELEFANT!!!!!