sårskift

sårskift

tirsdag 9. april 2013

Bildeblogg :)

Her er litt bilder som viser kva eg har gjort på den siste tida :

Her e eg på ei lokal sjappe der me brukar å kjøpe Schwarma. Dei har og eit biljardbord. Det er kjekt :) 

Her er eg i operasjonssalen og ser på ein plastikkirurgisk operasjon! 


Havneområdet sett frå dekk 7 på skipet. 

Tidenes beste ananasjuice. Trur kansje dei laga ein slags smoothie eller noko slik. Himmelsk god var den i alle fall!! 

Ein deilig dag ved bassenget! Eg klagar ikkje. 

Eg har vore på stranda og! 

Utsikta eg hadde til dagens frukost. Soloppgang slår aldri feil. 

Africa Mercy spelte mot Sierra Guinea (Lokalt fotballag) her ein dag. Resultat: 2-2

Plastics screening! Gutten i raud genser er på avdelinga nå. 


Ein av plastikkkirurgane våre. Dr Köeler fra Tyskland. 

Sjukepleiar Jill frå Canada og Fidele. Ein av pasientane som har vore hjå oss lengst. 

I action med sårskift. 

Jentene eg tilbringer mesteparten av tida mi saman med :) 
Danielle, meg, Amy og Karin! Fine folk :)

Lancinet. Ein gut som har operert kontraktutrer i eine fingeren. 

Sadiatou er utdanna lege her i Guinea og ynskjer å bli kirurg. For tida er ho i turnustjeneste på eit lokalt sjukehus. Ho har no hatt sin tredje operasjon for å bli kvitt kontrakturar i nakken og fjerne arr. 

fredag 29. mars 2013

Updates!!!


Her går tida fort gitt…. Eg er allerede over halveis i oppholdet. Og eg kosar meg veldig. Eg hadde nettopp 4 dagar fri på rad og benytta sjangsen til å reise vekk frå Conakry. Då reiste eg og Danielle til Kindia som er ca 3 timar nord. Me budde på eit fantastisk koselig hotell og hadde veldig avslappande dagar. Me for på markedet i byen og kjøpte frukt, var og såg på to fossefall og gjekk på fjelltur. Det var heilt fantastisk å komme seg litt ut av byen og nyte frisk luft J

Ellers så går dagane for det meste i jobbing. Me er no midt i den travlaste perioden med plastisk kirurgi og dagane er av og til ganske lange. Men det er eigentleg heilt greitt. Eg synest det er spennande og lærer nye ting kvar dag!

Denne helga er det langhelg for alle som ikkje arbeider helger til vanleg, men eg skal jobbe. Det syns eg er veldig fint for eg ville ikkje ha reist bort allikevell. Det er nemlig mykje kjekt som skjer her og i påsken!! Eg gleder meg spesielt til soloppgangsgudstjeneste ute på dekk søndag morgen! Det blir veldig fint J

Her er litt bilete frå den siste tida :

Ganske store bambus... Viss du ser godt etter ser du Danielle nedersti i biletet. 

Så skitne blir føtene mine etter ein dag på markedet! 

Her er Danielle med "middagen" vår den eine dagen. 

Voile de la Marie. Eit av fossefalla me besøkte. 

Kilissi. Det andre fossefallet. 

Mt Gangan. Me var heilt oppe på det høgaste punktet ein kan sjå. 

På vei opp til toppen gjekk me gjennom ein landsby. Her er ei av hyttene der. 

onsdag 6. mars 2013

Guinea

Guinea er eit land på storleik med Storbritannia i Vest Afrika. Det har omlag 10 millionar innbyggarar og hovudstaden er Conakry, der Africa Mercy no er stasjonert. Her kan de sjå Guinea på eit kart.

På FNs oversikt over utviklingsgrad i ulike land er Guinea nr 178 (av 187) og er klassifisert som eit land med lav utviklingsgrad. Til samanlikning er Noreg nr 1 på lista. Dersom eit barn i dag vert fødd i Guinea kan det forvente å bli 54,1 år. I Noreg kan ein forvente å bli heile 81,1 år. Dersom ein utjamnar det mtp forskjell i inntekt kan dei fattigaste her berre rekne med å bli 42,2 år. Her lever nemleg over 60% av befolkinga i ekstrem fattigdom. I snitt har vaksne i Guinea 1,6 års skulegang medan det i Noreg er på 12,6 år.

Det er tredje gongen Mercy Ships er i Guinea, og første gongen for Africa Mercy. Så langt har eg ikkje fått sett så mykje av landet, men den delen av byen me er den rikaste og det området dei fleste ambassadane er i. Pga eit kommande presidentval i mai har det vore ein del opprør dei siste vekene så det er fleire delar av byen me ikkje kan dra til, men eg håpar på å få sett litt meir etter kvart. Og kanskje reise ut av byen og!

Her er litt bilete frå eit besøk på HOPE center i går. Og det er forresten sol og rett i underkant av 30 grader her :)







torsdag 28. februar 2013

Sidan sist...

Sidan sist har eg kome heim til Noreg! Eg har hatt besøk av skipsvener i Oslo. Eg har reist og besøkt skipsvener i England. Eg har begynt i ny jobb på Rikshospitalet. Og no sit eg i Brussel på veg attende til skipet.

Eg skal vere der fram til 22 april og eg gler meg til å komme "heim" att og treffe alle kjente :) Eg er så glad for at eg kan reise tilbake. Skipet er no i Guinea, nærare bestemt Conakry, i Vest Afrika.

Ellers så vil eg berre anbefale dette klippet frå 60 minutes som vart filma i 2012 då eg var på skipet i Togo!!

Eg skal prøve å oppdatere bloggen innimellom!!

Her er eg saman med Danielle i Oslo. Ho er og på skipet no. Me skal bu i same lugar. Det er fint :)

mandag 4. juni 2012

7 dagar igjen...

Som overskrifta seier så har eg ei veke igjen i Afrika. Eg har vore her i 8 månader! Og tida har flydd. Eg har gjort så mykje. Mykje meir enn eg kunne drømt om. Eg har vore i 4 vest afrikanske land, fått venner frå heile verden, reist omkring på Afrikansk vis, hatt late dagar på nokon av verdas vakraste strender, hatt grillfestar på kaien, hatt verdens beste jobb, seilt på ei ferge i 5 dagar, sove under stjernene, sett utallige solnedgangar, spist verdens beste mango og ananas, hatt chai latte på Starbucks nesten daglig og så mykje mykje meir. Og no er eg snart klar for Norge igjen. Det er litt trist no når alle reiser kvar til sitt og det er mange eg ikkje kjem til å sjå igjen, og mange eg ikkje kjem til å sjå på lenge! Men eg gler meg og til å sjå alle der heime igjen :)

Her er litt bilete frå tida mi i Afrika:

Streetwiew i Freetown! 
Vakre Bureh beach :)
Aldri fullt i ein PodaPoda. 
Skipet på havna i Freetown. 
Jul på skipett i Ghana. 
Soloppgang på vei ut av Ghana. 
Kanopy walkway. 
På vei til toppen av mt Agou. 
Screening i Togo.
Ganvie. Styltebyen. 
Safari i Ghana. 
Påskefrokost på senga. 
Gøy på sjukehuset :)
Akkurat som ei afrikansk mor. 
Helikopterlandeplassen på USS Swift som var vår nabo i to dagar. 

tirsdag 22. mai 2012

Hopital Babtiste Biblique

I helga var eg og tre venninner og besøkte eit sjukehus tre timar nord for Lome. Det er eit privat sjukehus drive av ein amerikansk misjonsorganisasjon. Her arbeidar Togolesiske og amerikanske sjukeplaiarar side om side. Dei har og sin eigen sjukepleiarskule. Dei fleste legane som er på sjukehuset er amerikanske. Nokre er der over kortare tid, medan andre er der i mange år. Litt slik som det er på skipet. Dei har ein stor sjukehusbygning med to operasjonssalar og ca 40 sengeplasser og det gjer dei til det nest største sjukehuset i Togo!! Dei behandlar alt som måtte komme av medisinske og kirurgiske diagnoser og dei har og fødeavdeling. Alle pasientane her må betale litt for å få behandling. Me fekk vere med på ein liten runde og dei lot oss vandre fritt omrking og hjelpe til med det som var. Det var svært spennande å sjå korleis ting fungerar her. Det er ganske annleis enn både skipet og heime i Norge. 

Her er litt bilete: 

Dr Sam, ein av kirurgane som kjem ein gong i året, på morgonvisitten. 

Barneavdelinga!

Ein av operasjonssalane. 

Her lagar dei sine eigne intravenøse væsker!!! 

Dette er Ali og mor hans. Han var pasient hjå oss, men då vår plastikkirurg var reist og han trengte ny hudtransplantasjon var løysinga å sende han til dette sjukehuset då dei hadde ein plastikkirurg der. Og me var heldige og traff på han :) Han er ikkje lenger innlagd på sjukehuset, men mottek poliklinisk behandling. 

Lillesøstera til ein av pasientane på intensivavdelinga. 

Fran frå Sør-Afrika og ein tjukk liten afrikansk baby!

Meg, Fran, Jenny og Danielle med kvar vår nyfødde baby :)


mandag 23. april 2012

Chantal!

Forrige torsdag så døde ein av pasientane våre. Ho var her i nesten 3 månader, og me blei alle godt kjent med ho. Eg fekk og delta i gravferda hennar, noko som var ei spesiell oppleving. Danielle, mi romveninne, skreiv eit blogginnlegg om ho, og eg vil berre anbefale alle å lese det!

Blogginlegget finn du her!!

Ellers så står alt bra til!