sårskift

sårskift

tirsdag 22. mai 2012

Hopital Babtiste Biblique

I helga var eg og tre venninner og besøkte eit sjukehus tre timar nord for Lome. Det er eit privat sjukehus drive av ein amerikansk misjonsorganisasjon. Her arbeidar Togolesiske og amerikanske sjukeplaiarar side om side. Dei har og sin eigen sjukepleiarskule. Dei fleste legane som er på sjukehuset er amerikanske. Nokre er der over kortare tid, medan andre er der i mange år. Litt slik som det er på skipet. Dei har ein stor sjukehusbygning med to operasjonssalar og ca 40 sengeplasser og det gjer dei til det nest største sjukehuset i Togo!! Dei behandlar alt som måtte komme av medisinske og kirurgiske diagnoser og dei har og fødeavdeling. Alle pasientane her må betale litt for å få behandling. Me fekk vere med på ein liten runde og dei lot oss vandre fritt omrking og hjelpe til med det som var. Det var svært spennande å sjå korleis ting fungerar her. Det er ganske annleis enn både skipet og heime i Norge. 

Her er litt bilete: 

Dr Sam, ein av kirurgane som kjem ein gong i året, på morgonvisitten. 

Barneavdelinga!

Ein av operasjonssalane. 

Her lagar dei sine eigne intravenøse væsker!!! 

Dette er Ali og mor hans. Han var pasient hjå oss, men då vår plastikkirurg var reist og han trengte ny hudtransplantasjon var løysinga å sende han til dette sjukehuset då dei hadde ein plastikkirurg der. Og me var heldige og traff på han :) Han er ikkje lenger innlagd på sjukehuset, men mottek poliklinisk behandling. 

Lillesøstera til ein av pasientane på intensivavdelinga. 

Fran frå Sør-Afrika og ein tjukk liten afrikansk baby!

Meg, Fran, Jenny og Danielle med kvar vår nyfødde baby :)


2 kommentarer:

  1. Så spennande å få sjå korleis dei hadde d på sykehuset. Du har jammen meg mången opplevingar å ta med deg heim til Norge. Bilete av deg og veslejenta kan smelta isfjell.
    Kjempekjekt at det endeligt kom eit nytt innlegg her på bloggen. Du ska veta det er mången fleire som les her inne enn det er som kommenterar :-))

    SvarSlett
  2. Gøy å sjå bilde frå arbeidet du gjør. Gleder meg til du kommer hjem. Vet ikke om jeg er i Oslo når du ankommer, men jeg håper å få sett deg i løpet av sommeren:) Skal du på arena? Snakket akkurat med Marta Sortland, hun skal til Togo fra 29 mai til slutten av juni. Kanskje du treffer på henne og Likouta. Du må ha noen supre siste uker på båten;) Gla i du

    SvarSlett