sårskift

sårskift

fredag 30. desember 2011

Greetings from Ghana!

Gledelig jul!!
Me har no vore i Ghana sidan 15 desember, så vi feira jul her. Sidan mange på skipet er frå USA eller Canada, bar feiringa i stor grad preg av det. Eg sakna pinnekjøt, men forutan det så var det særs kjekt :)

Om 6 dagar reiser me vidare til Togo, og sidan me er i Ghana så kort tid, så har det vore veldig travelt. Me har prøvd å få med oss mest mogleg medan me er her, så fridagane fyllest fort opp. Ghana er særs forskjellig frå Sierra Leone, og kontrastane frå der til her er enorme. Her har ein asfalt på vegane, supermarked, kjøpesenter, varer med fast prislapp, bilar med alle vindauga, dører og interiør, minibussar med aircondition om mykje meir som ein ikkje finn i resten av vest-Afrika. Det kjennest litt rart å komme frå så fattige kår som det er i Sierra Leone og hit. Her kjem litt bilete frå tida i Ghana fram til no:

Her er Danielle og eg i full sving i Gallyen. 

På kvelden på julaften jekk alle rundt og la gaver utanfor dørene. Her er samlinga mi :)

Som seg hør og bør hadde me eit peparkakeskip.

Me var i regnskogen og det regna litt!!!!

Og her er formålet med turen til regnskogen: the Canopy walkway. Hengebruer mellom trea omtrent 30 m høgt oppe. Utrulig kjekt å gå mellom trea :)

Det var alt for no. Eg skal leggje ut fleire bilete frå Ghana snart! 

5 kommentarer:

  1. God jul t deg jentå mi. Blei så glad over å lesa at du har hatt ei fin jul, og til neste år skal det bli pinnakjøtt på deg (om du er heime alså ;))
    Du får jammen meg mykje spennandes med deg, ikkje for mor di å traska høgt oppe mjudlå trærne, men midt i blinken for deg ;) Gler meg til fleire bileter.
    Glad i deg Stor knip frå mamma

    SvarSlett
  2. E innpå meste kvar dag å sjekka, å d e store stas når darr e opppdateringar.

    SvarSlett
  3. GODT NYTTÅR. Ska du feira stort med stjerneras og rakettar? Me ska t Liknes t onkel Karl Johan å dei og der e nok menyen som alltid kalkun, dronning Maud og litt rakettar. Kosa deg. Nyttårsknip frå mamma

    SvarSlett
  4. Eg og har savna pinnakjøte. Men eg har lagt inn bestilling hima. ;)

    Å nå fekk eg savn på dronning maud og... kan eg få de og mamma?

    Go jul å godt nytt år!

    SvarSlett
  5. jada Toli, kan skjøna du kan få dronning maud og

    SvarSlett