sårskift

sårskift

mandag 12. desember 2011

ByeBye Freetown!!

For to dagar sidan, 10 desember 2011 klokka 12.30 la me frå kai i Freetown, Sierra Leone. Nå er me på god vei til Ghana. Turen til no har gått smertefritt og me har allereie sett delfinar i hopetall, kval og det har blitt spotta hai! Og mange flygefisk. I morgon skal me ha ein 12 timars stopp for å fylle på drivstoff frå et anna skip. Be gjerne om at det skal gå bra!
Her kjem litt bilete frå Freetown og frå avreisedagen:
Her er eg nesten oppe ved universitetet. Båten vår ser du til venstre i biletet. Kvit med blå pipe.

Eit stilig tre. 

Slike finn ein mange av her omkring. 

Bustader me går forbi opp til Universitetet. 

Nokre barn hentar vatn. 

Campusen på universitetet i Freetown. 

Nokre av dei som kom på kaien for å sei farvel til oss. 



Dekk er ganske fullt nå som me selgar då alt som vi brukar å ha på kaien må vere med på båten. Her er nokre av bilane lasta opp.

Landgangen må og vera med!




Losbåten. 

Test av livbåtane. Alle virka som dei skulle. 

Bye bye Freetown!!!


1 kommentar:

  1. Så kjekt å sjå bileta, same kommentar frå meg heile tida, men det er utruligt kjekt å sjå korleis det er der du har vore. Me ber om at alt går bra under stoppet og med påfyllinga av drivstoff. Gler meg til å få sjå bilete frå Ghana nå. Glad i deg jentå mi. Stor knip frå mamma

    SvarSlett