sårskift

sårskift

mandag 31. oktober 2011

Sierra Leone

Landet som Africa Mercy har vert i sidan februar, er Sierra Leone. Her skal me bli til litt ut i desember. Så eg tenkte å komme med litt fakta om landet!

Det er altså lokalisert i vest afrika, og om du vil sjå kart kan du bla litt lenger ned i bloggen. Det er ein tidlegare koloni, og vart fri frå Storbritannia i 1961. I 1991 braut det ut ein borgarkrig som varte i 10 år, og ein slit framleis med etterverknadane frå krigen. Hovudstaden i landet er Freetown, med sine omtrent 750 000 innbyggere. Landet er særs fattig og ligg på bunnen på FN si rangering av verdas land.

Levestandarden her er svært låg.  I Freetown bur dei fleste i nedbrente hus, rønner og små hytter. Nesten ingen har innlagt vann og det er mange som ikkje har strøm, i dei fattige delene av byen. Gjennomsnittlig levealder i Sierra Leone er 41,8 år og 74,5 % av befolkinga lever på mindre enn 2 USD om dagen. Til samanlikning er forventa levealder i Noreg 79,4 år!!

Her kan de sjå litt av byen:
Dette er utsikt mot byen frå skipet. 

1 kommentar:

  1. Kjekt med litt info om landet.Me er jammen priviligerte som får bu i et så godt land som Noreg. Gledar meg til neste oppdatering.
    Knip frå mamma

    SvarSlett