sårskift

sårskift

mandag 27. februar 2012

Benin!

Ja då har eg vore på tur igjen! Denne gangen til Togo sitt naboland i aust: Benin. Det er som Togo, ein tidlegare fransk koloni, så dei snakkar for det meste stammespråk og fransk der. Me reiste difor saman med to som jobbar her som er frå Benin. Det gjorde ting svært mykje enklare.

Først reiste me til Cotonou som er den største byen i Benin. Der besøkte me eit marked og ein dyrehage:

Her klappar Jenny og Olga ein 3 veker gammal antilope. 

Her klappar eg ein 2 meter lang boaslange. 

Ein apakatt i band. Dei fleste dyta sat i små bur, eller var i band. 

Ei ekte løve!!!!

Og på ekte afrikansk vis måtte minibussen vår dyttast i gang då me skulle dra...

Neste dag drog me eit lite stykke utanfor Cotonou, til ein liten landsby som heiter Ganvié. Det som er spesielt med denne byen er at alle (i allefall dei aller fleste) bygningane er bygd på stylter. Dette då ei av dei lokale stammane flykta frå slavehandlarar som på grunn av overtru ikkje kunne entra vatn. Dermed vart dei redda! Det bur 20 000-30 000 i byen, og dei driv hovudsakleg med fiske (naturleg nok..).
Her er litt bilete:


Her ser de fruktmarkedet i byen. Alt foregår frå båtane/kanoane. 

Og borna padlar rundt i eigne kanoar!!! 


onsdag 15. februar 2012

På toppen av Togo!

Som eg nevna i forrige innlegg så var me nylig på det høgaste fjellet i Togo, Mt Agou. Det var ein fantastisk tur. Me snubla tilfeldigvis over ein UIO (ungdom i oppdrag) base i fjellsida, og bestemte oss for å bli der over natta. Me fann og ein engelsktalande lokal guide der som tok oss opp til toppen neste dag. Basen var ein fantastisk stad å tilbringe tid på, og eg drar nok attende dit når eg har høve til det.

Her er litt bilete derfrå:
"oversikt" over basen

Eit klasserom der dei som jobbar på basen underviser lokale elevar når dei har tid til det

Kjøkkenet :) I den lille gryta er havregrauten me laga til frukost!

Her er Emy. Ei av dei lokale afrikanske damene som arbeider på basen. 


Turen opp til toppen var nydelig. Me vandra gjennom 3 landsbyar, og innimellom litt regnskog. Det var ein nydelig tur! Sjølv om det var veldig varmt. Her er litt bilete frå turen:

Den første landsbyen me passerte

Jenny, Danielle og meg saman med guiden vår Gilbert

Litt utsikt!



PÅ TOPPEN!!! 986 moh

Ein liten pust i bakken på veg ned

Gilbert kjøpte sukkerpinne til oss. Nam, nam :)

Sjukestova i ein av landsbyane




torsdag 9. februar 2012

Togo!!

Me har no lagt til kai i Togo. Her skal me vera fram til juni. Her kjem litt fakta om landet:

Togo er ein tidlegare fransk koloni. Hovudstaden er Lome med omlag 730 000 innbyggjarar. Det er og den største byen. Det vanlegaste språket her er fransk etterfulgt av ewe. Så nå må eg læra meg fransk. Dei næraste naboane til Togo er Ghana i vest, Benin i aust og Burkina Faso i nord. Om du er usikker på kor det er kan du sjå kart HER! Togo er ei lita smal stripe i vest-afrika.

Eg gler meg til å utforske landet meir i månadane som kjem! Førebels har eg vore på mt Agou som er det høgste fjellet i Togo. Her er me på toppen:

Føremålet med oppholdet her i Togo, er som vanleg å hjelpe dei som treng det mest. Og for å finne dei har me hatt screening. 3500 møtte opp og av dei vart omlag 1000 sendt vidare. Det er enno ikkje endelig bestemt kor mange av dei som får operasjon, men iallefall halvparten av dei skal få hjelp. Nokre av dei har allereie blitt operert! Behovet her er som dei fleste andre vest-afrikanske land: stort!!  Her kjem litt bilete frå den dagen:
Ein Mercy Ships land rover utanfor stadionet me hadde screeningen på. 


Ein liten bit av køen 


Her tar eg opp pasienthistorie på ei lita jente med ein godarta svulst på leppa. 

Jenny og Danielle leikar med borna medan dei ventar på sin tur. 

Eit av venteromma inne for dei som var så heldige at dei fekk komma inn. 

Be gjerne om at alle operasjonane framover skal gå bra!!

torsdag 19. januar 2012

Siden sist....

Så har me lagt til kai i Lome, Togo.

Dette er kaiområdet vårt

Her er eg ved inngangen til havna

Eg har flytta. Frå 6-mannsrom te 4-mannsrom. Det er deilig :) Slik ser mitt nye krypinn ut :

Senga mi. 

Fellesområdet på rommet vårt. Me har kjøleskap og!!!

Eg har vore på markedet i Lome:


Eg har kjøpt meg sykkel: 

Så nå treng eg ikkje bruke penger på taxi. Eg kan sykle overalt. Og avstandane er ikkje så store her, så planen er først å sykle til Ghana (ca 10 km ein veg) og så sykle til Benin (ca 45 km ein veg). Eg gler meg :)

torsdag 5. januar 2012

Happy new year!!

Og takk for det gamla.

No er me på veg frå Ghana til Togo. Klokka 06.50 la me frå kai i Tema, Ghana. Det skal blir godt å komma seg på plass i Togo, og eg gler meg til me opnar sjukehuset att den 23 januar. Det har vore fint med  litt pause, men no er det på tide å komma i gang igjen.

Tenkte berre å legga ut litt fleire bilete frå Ghana. Enjoy :)

Me var på overnattingstur til ein liten by som heiter Cape Coast og sov på ein hotell som er bygd ved ein krokodillesump. Denne karen kunne me nyta synet av medan me åt frukost.

Me besøkte og ein liten by som heiter Elmina og dette fortet frå slavetida. 

The door of no return. 

Kapellet i fortet. 

Soloppgang i det me segla ut av havna i Tema, Ghana. 

Bye, bye Ghana!!!!

fredag 30. desember 2011

Greetings from Ghana!

Gledelig jul!!
Me har no vore i Ghana sidan 15 desember, så vi feira jul her. Sidan mange på skipet er frå USA eller Canada, bar feiringa i stor grad preg av det. Eg sakna pinnekjøt, men forutan det så var det særs kjekt :)

Om 6 dagar reiser me vidare til Togo, og sidan me er i Ghana så kort tid, så har det vore veldig travelt. Me har prøvd å få med oss mest mogleg medan me er her, så fridagane fyllest fort opp. Ghana er særs forskjellig frå Sierra Leone, og kontrastane frå der til her er enorme. Her har ein asfalt på vegane, supermarked, kjøpesenter, varer med fast prislapp, bilar med alle vindauga, dører og interiør, minibussar med aircondition om mykje meir som ein ikkje finn i resten av vest-Afrika. Det kjennest litt rart å komme frå så fattige kår som det er i Sierra Leone og hit. Her kjem litt bilete frå tida i Ghana fram til no:

Her er Danielle og eg i full sving i Gallyen. 

På kvelden på julaften jekk alle rundt og la gaver utanfor dørene. Her er samlinga mi :)

Som seg hør og bør hadde me eit peparkakeskip.

Me var i regnskogen og det regna litt!!!!

Og her er formålet med turen til regnskogen: the Canopy walkway. Hengebruer mellom trea omtrent 30 m høgt oppe. Utrulig kjekt å gå mellom trea :)

Det var alt for no. Eg skal leggje ut fleire bilete frå Ghana snart! 

mandag 12. desember 2011

ByeBye Freetown!!

For to dagar sidan, 10 desember 2011 klokka 12.30 la me frå kai i Freetown, Sierra Leone. Nå er me på god vei til Ghana. Turen til no har gått smertefritt og me har allereie sett delfinar i hopetall, kval og det har blitt spotta hai! Og mange flygefisk. I morgon skal me ha ein 12 timars stopp for å fylle på drivstoff frå et anna skip. Be gjerne om at det skal gå bra!
Her kjem litt bilete frå Freetown og frå avreisedagen:
Her er eg nesten oppe ved universitetet. Båten vår ser du til venstre i biletet. Kvit med blå pipe.

Eit stilig tre. 

Slike finn ein mange av her omkring. 

Bustader me går forbi opp til Universitetet. 

Nokre barn hentar vatn. 

Campusen på universitetet i Freetown. 

Nokre av dei som kom på kaien for å sei farvel til oss. 



Dekk er ganske fullt nå som me selgar då alt som vi brukar å ha på kaien må vere med på båten. Her er nokre av bilane lasta opp.

Landgangen må og vera med!




Losbåten. 

Test av livbåtane. Alle virka som dei skulle. 

Bye bye Freetown!!!