sårskift

sårskift

mandag 7. oktober 2013

Plastic surgery!!!

Den siste veka har eg slitt med å komme inn på bloggen pga tregt internett kombinert med treg data, men no fekk eg det til :)

No er me midt i den travlaste perioden av plastikk og rekontsruktiv kirurgi. Det har vore 5 veker med operasjonar og det er 1 veke att. Det betyr at me som arbeidar med sårskift på alle desse har lange dagar. Og det merkast. Me jobbar 8-10 timar kvar dag, og er på beina stort sett heile dagane, men det gjer ingen ting. Me ser så tydeleg nytta av det me gjer når såra legast meir og meir for kvart sårskift. Det er særs givande. Tenkte berre å leggje ut bilete av nokre av pasientane som er på avdeliga no. Har ingen bilete av meg sjølv saman med pasientane, men det kjem etter kvart!

Sahara og Graci

Jemima

Glore

Livet til ein pårørande på skipet! Dei bur under senga til pasienten. 

Visitt med Dr Venter, plastikkirurgen vår

Sahara, Nina og Graci

Aicha

1 kommentar:

  1. Dokke gjere ein fantastisk jobb. Me ber om velsigning for arbeidet og for dokke adle som utføre jobben. Me gledar oss samen med dokke for adle som blir friske / får det bedre. Gud velsigna dokke. Stor knip til deg jenta mi, frå mamma.

    SvarSlett