sårskift

sårskift

lørdag 19. oktober 2013

Ei elv i Kongo!

Skulle ønske at eg kunne sagt at eg har vore på Kongo-elva, men det kan eg ikkje. Men eg har i alle fall vore på ei elv i Kongo! Me var ei stor gruppe som reiste for å kjøre båt på elva, og 5 av oss vart att og sov over på hotell. Det er heilt fantastisk å komme seg bort frå den konstante duringa frå skipet innimellom! Her kjem litt bilete frå turen:
Danske Elisabeth i framgrunnen, så kjem eg, amerikanske Erin like bak meg og norske Line bak der igjen. 



Heile gjengen i kanoane! 

Så nerme vatnet var me! 

Under skiltet til hotellet me budde på! 
Frå venstre: Meg, Elisabeth, Erin og Line.

Dagen etterpå! Deilig med ein iskald cola på stranda :)

Ellers så e me nå ferdige med de plastikkirurgiske operasjonene, men det er framleis mange sår som treng å legast. Be gjerne om at me unngår fleire infeksjonar og at alle sår legast i dei neste vekene! Kan og informere om at eg skal ein tur til Brazzaville på pre-screening i begynnelsen av november saman med ca 20 andre. Det vert fantastisk kjekt, og eg er heldig som får moglegheita til å vere med på det. Og eg gler meg til å få sjå storbyen. Be gjerne og om at planlegginga av den pre-screeninga skal gå bra! 

Her kjem litt bilete av nokre av pasientane våre:
Aisha

Wame og mora hennar

Davilov

Polianna

Princivi og Johnson



1 kommentar:

  1. Heia jentå mi. Så kjekt å lesa, set pris på oppdateringar frå deg. Du må vara forsiktige når du farta rundt. Gud velsigna dokke adle på båten. Glad i deg. Knip frå mamma

    SvarSlett