sårskift

sårskift

fredag 29. mars 2013

Updates!!!


Her går tida fort gitt…. Eg er allerede over halveis i oppholdet. Og eg kosar meg veldig. Eg hadde nettopp 4 dagar fri på rad og benytta sjangsen til å reise vekk frå Conakry. Då reiste eg og Danielle til Kindia som er ca 3 timar nord. Me budde på eit fantastisk koselig hotell og hadde veldig avslappande dagar. Me for på markedet i byen og kjøpte frukt, var og såg på to fossefall og gjekk på fjelltur. Det var heilt fantastisk å komme seg litt ut av byen og nyte frisk luft J

Ellers så går dagane for det meste i jobbing. Me er no midt i den travlaste perioden med plastisk kirurgi og dagane er av og til ganske lange. Men det er eigentleg heilt greitt. Eg synest det er spennande og lærer nye ting kvar dag!

Denne helga er det langhelg for alle som ikkje arbeider helger til vanleg, men eg skal jobbe. Det syns eg er veldig fint for eg ville ikkje ha reist bort allikevell. Det er nemlig mykje kjekt som skjer her og i påsken!! Eg gleder meg spesielt til soloppgangsgudstjeneste ute på dekk søndag morgen! Det blir veldig fint J

Her er litt bilete frå den siste tida :

Ganske store bambus... Viss du ser godt etter ser du Danielle nedersti i biletet. 

Så skitne blir føtene mine etter ein dag på markedet! 

Her er Danielle med "middagen" vår den eine dagen. 

Voile de la Marie. Eit av fossefalla me besøkte. 

Kilissi. Det andre fossefallet. 

Mt Gangan. Me var heilt oppe på det høgaste punktet ein kan sjå. 

På vei opp til toppen gjekk me gjennom ein landsby. Her er ei av hyttene der. 

1 kommentar:

  1. Nå var det jammen meg godt med eit livstegn frå deg. God påske jenta mi. knip frå mamsen

    SvarSlett