sårskift

sårskift

lørdag 25. februar 2017

Malawi-week one

Nå har me allerede vore i Malawi i ei veke. Tida har gått veldig fort og det er mange ting å setje seg inn i. Me kom hit frå Sør-Afrika førre laurdag, og det har vore fullt program sidan. Så no er det godt med litt fri denne helga.

Denne veka har for det meste bestått i å finne litt ut av ting både på jobben og heime i huset, me har vore i Lilongwe (hovudstaden) for å ordne med autorisasjon, me har hatt omvisning på både det ekstisterande sjukehuset og på det nye bygget. Det er endå litt uklart for oss korleis arbeidsdagane blir, men det går seg nok til litt etter kvart.

Biletet er tatt langs vegen til Lilongwe. Landskapet her er heilt nydeleg og frodig nå som det er regntid.












Me kjenner oss som prinsesser som søv under myggnett kvar natt. Her er bilete frå hotellrommet vårt i Lilongwe.



Her er me på den nye barneintesiven som me håpar kan opne om ikkje så alt for lenge. På biletet ser du bak frå venstre: Anestesilege Marius frå Riksen og anestesilege Terje frå Ullevål. Framme frå venstre: Anestesisjukepleiar Line, Barnesjukepleiar Susanne og meg.

Det er altså oss tre jentene som skal jobbe og bu saman det neste halve året. 

Elles så har eg begynt å kjøre litt på venste side. Me har to bilar som høyrer til prosjektet/huset. Den eine er ein liten nissan med automatgir og den andre ein toyota landcruiser med firehjulstrekk. Den store bilen har eg ikkje prøvd meg på, men satsar på å teste den litt i helga. Den lille har eg kjørt med ganske mykje, og det går overraskande bra. Og automatgir er veldig digg da!

Veka har og vore prega av mange, og lange, strømbrudd, og derfor og redusert internettilgang. Det er nok berre noko me må venne oss til. Men no har me fått kjøpt oss Malawiske sim-kort og då kan me surfe litt på mobilnettet innimellom. Det er overraskande bra nettverk her faktisk!

Me har og brukt mykje tid på å handle mat og andre ting vi treng denne veka. Det er mykje å setje seg inn i og butikkane er ganske store. Det er og stor skilnad i pris på ulike ting så me må fort innom to eller tre stk for å finne dei beste prisane. På grunn av at det har vore såpass travelt så har me ikkje fått vore på det lokale fruktmarkedet, men om alt går etter planen så går turen dit i dag.

Kan forresten og melde om ca 30 grader og sol, med korte byger innimellom. Bassenget held ca 28 grader! God vinter :)

Det fine bassenget vårt. Og huset!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar