sårskift

sårskift

tirsdag 10. desember 2013

D-ward!

For ca 2 veker siden reiste de siste plastikkirurgiske pasientene, og då var min jobb med sårskift og ferdig. Så etter det har eg vore på d-ward. Det er avdelinga som har alle pasientane med tumor i ansikt, hovus eller hals, noma (det kan du lese meir om her) og leppe-, kjeve-, ganespalte. Eg har ikkje arbeidd med dette på skipet før, så eg var veldig glad for muligheten til å gjere det denne gongen. Eg trivest veldig godt med det, og synest det er litt trist at eg skal reise heim allereie om 5 dagar. Eg kunne gjerne ha arbeidd med dette lenger!!!

Her kjem litt bilete av nokre av pasientane våre:


Her har me litt song og musikk for pasientane med sjølvlaga afrikanske sangar og ymse kostyme :) 

Her lagar me julepymt på dekk 7 med Rouvel som er operert for Noma. 

Ei lita jente me kjem til å sjå att på nyåret. Ho kom til screeninga i Brazzaville. 

Oversikt over litt av d-ward. 


Emmanuel som er operert for neurofibrom (godarta nervetumor) i ansiktet spelar 4 på rad oppe på dekk 7. 

Dette er Albert. Han vart akkurat utskriven frå avdelinga og er no på HOPE centeret. Dette er eit bilete frå screeninga i Brazzaville. 

Her er ei jente med noma. Ho kjem til å komme for operasjon på nyåret. 



1 kommentar:

  1. Hei jenta mi.
    Eg vert så rørt når eg les. For ein fantastisk jobb det gjer. Eg tenkjer på alle de hjelper som nå får eit nytt liv. Eg HEIAR på alle dokke som arbeider for MERCY SHIP.
    Me gledar oss kjempemykje til du kjem heim no. Og me er utrulig stolte av den jobben du gjer på skipet.
    Stor knip frå mamma

    SvarSlett