sårskift

sårskift

torsdag 28. november 2013

Screening i Brazzaville!

For et par veker sidan fekk eg vere med til hovudstaden i Kongo, Brazzaville, på ein screening der. Det var ein veldig kjekk ting å vere med på! Me reiste opp tysdag ettermiddag og kom attende til Pointe-Noire onsdag kveld, så det gjekk fort unna.

Sjølve screeninga var onsdag på dagen, og det var nærare 300 pasientar som vart sett opp til å komme til skipet til nærare undersøkingar. I andre land har pasientane sjølv måtte sørgje for transport til skipet, men her har regjeringa lova å hjelpe til med dette. Det gjer at vi har håp om at dei fleste av pasientane vil klare å komme seg hit. Regjeringa har og oppretta eit senter dei kan bu på fram til evt operasjon.

Her kjem litt bilete frå Brazzaville:

Litt av køen! Det var utruleg varmt i Brazzaville, og sola skein heile dagen, så det var veldig greitt å stå under telta i skuggen. 

Dette er Esther. Ho skal komme til vidare undersøkingar på skipet snart. 

Her har ein pasient fått beviset på at ho skal komme til skipet. Det gule pasientkortet. Ho kjem til plastics screening i januar! 

Her vert fleire gule pasientkort delt ut. 

Her forklarar eg via Rich, som er frå Kongo, kva dei kan forvente når dei kjem til skipet og korleis ting vil føregå når dei kjem. 

Ei nydelig lita solstråle som skal komme å fikse leppa si :) 

Og nok ein søtnos!! 

Heile gjengen som reiste frå skipet til Brazzaville. Alle dei med orange caps er tolkar. 

 Tysdag kveld var me ute og åt middag. Her er utsikta vår. Kongoelva, men Kinshasha i bakgrunnen.


1 kommentar:

  1. Dette var verkeleg kjekt å sjå Gunn June.
    Me er kjempestolte av deg og jobben du gjer. Nå glede me oss til jul, og få sjå deg her heime. Klem frå mormor og morfar

    SvarSlett