sårskift

sårskift

mandag 12. mars 2012

Back to Ghana!!

Sidan eg er her nede i meir enn 6 mnd, så har eg høve til å ta ut nokre dagar ferie! Det gjorde eg for et par veker sidan, og reiste tilbake til Ghana saman med Jenny. Her er oversikt over reisa vår dag for dag:

Dag 1: Lome, Togo- Bogoso, Ghana (via Accra) (ca 9 timar)
Dag 2: Bogoso - Kumasi (4 timar), Kumasi - Tamale (8 timar)
Dag 3: Tamale - Mole national park (6 timar)
Dag 4: SAFARIDAG!!!
Dag 5: Mole -Tamale (5,5 timar), Tamale -Kumasi (8 timar), Kumasi- Accra (6,5 timar)
Dag 6: Accra, Ghana- Lome, Togo (3,5 timar)

Her kan de sjå kart over reiseruta vår til Tamale, eg fekk ikkje til å legge inn Mole, men de kan sjå parken til venstre for Tamale!

Det er ei heilt spesiell oppleving å reise i Afrika. Alt går etter si eiga klokke! Så me måtte ha med oss mykje tålmod. Første to dagane av turen reiste me saman med ein av legane her på skipet. Han er pensjonist og har dei siste par åra vore i Ghana fleire gonger og hjelpt til med å byggja ein skule. Me var så heldige at me fekk vera med å sjå framgangen der.

Her er dr Quinby, Jenny og Koffi utanfor skulen:

Det hadde vore stas å reist tebake dit i mai når han nermar seg ferdig, så me får sjå om det lar seg gjere. 

Etter at me drog frå skulen reiste me til Kumasi og vidare til Tamale som er langt nord i Ghana. Der sov me eit par timar før me sette oss for å venta på bussen som skulle ta oss til Mole National Park. Den måtte me venta lenge og vel på. Den skulle gå klokka 13.30, men først klokka 19.30 kom den. Verkeleg på African time :) Men me kom oss trygt fram, og hadde det kjekt medan me venta. Her er eit vente-på-bussen-bilete: 
Me traff og på 4 norske jenter der som og skulle til Mole! Stas :) 

Så kom me oss fram til målet for reisa, og neste dag var me klare for safari. Den første turen starta klokka 07.00 og det var ein vandre-safari som tok omlag 2 timar. Her er litt bilete frå den: 
Viss du ser godt etter så ser du ein krokodille!

Dette er foravtrykket til ein elefant. 

Og dette fotavtrykket til ei løve. 

Her er turguiden/vakten vår. 

Viss du ser godt etter så ser du ein liten antilopefamilie. 

Pumba og pumbababy :)

Her er området me vandra rundt i. 

Så hadde me nokre avslappande timar i varmen (ca 35 grader) før me dro på ein kjøresafari på ettermiddagen. Det var utruleg artig!!! Her er litt bilete frå det: 
Ein antilope. 

Jenny og meg på taket av land roveren. 

EIN EKTE ELEFANT!!!!!



1 kommentar:

  1. ÅÅÅHHHH så spennandes alse! Du har så mykje du må fortelje/vise oss når du kjem heim, så eg trur du må ta ein lång ferie her heime;-)) (håpe, håpe)
    Glad i deg Knip frå mamma

    SvarSlett