sårskift

sårskift

fredag 30. mars 2012

B-ward!!

Sykehuset her på skipet er delt inn i 3 avdelignar. A-ward- Generell kirurgi, B-ward- Plastikk kirurgi (og seinare VVF) og D- ward- MaxFax kirurgi. Eg jobbar på B-ward og det innber stort sett sårskift. Sidan afrikanarar har dårligare ernæringsstatus enn dei fleste har heime, gror sår seinare her. Dei har og oftare infeksjonar i forkant av ein operasjon og det er vaskelegare for dei å oppretthalde god hygiene heime sidan dei ofte bur mange tett saman, og det er mangel på reint vatn. Det gjer at mange av pasientane våre er på avdelinga svært lenge. Me blir godt kjent med dei og det er stor stas. Dei siste to vekene har eg ikkje vore inne på avdelinga, men eg har vore på sårskiftstova og vaska og bandasjert 4-8 sår per dag. Det er svært lærerikt og eg synest det er veldig kjekt!!

Her er bilete og litt om nokre av pasientane som er hjå oss: 
Dette er Mifatu. Han er 9 år gammal og har vorte operert på Africa Mercy tidlegare. Han fekk alvorlege brannskadar i anletet då han var omlag 10 månader. Denne gongen fekk han ny underleppe og nytt augelokk på venstre auge. 

Dette er Tani. Ho vart brannskadd som lita, og har skader i anletet og på brystet. Ho var på Africa Mercy i 2010 og fekk ny nase og reparert eit øyra. Denne gongen fekk ho transplantert hud over venstre auge der det berre var eit hol. 

Abel er ein 4 år gammal gut som hadde kontraktur  på venstre fot. Det har blitt fiksa med ein skinntransplantasjon. Den vetle guten er lillebroren hans. Me har innimellom slike "bonuspasientar" :)

Her er Ramziatu. Ho er 18 år gammal og hadde kontrakturar etter brannskade på høgre hand. Det har vorte fiksa med ein skinntransplantasjon. 
Dette er min favoritt. 13 år gamle John! Han hadde alvorlege kontrakturar i nakken og haka. Han hadde og ei skadd hand. No har han fått ein hand han kan bruke og han har eit stort transplantat på venste skulder og hals som gjer at han han røre hovudet att. 


Dette er 5 år gamle Lumen. Ho hadde brannskader på begge føter som gjorde at ho ikkje kunne gå. Ho har transplantat på begge føter, og håpet er at ho lærer seg og gå. Ho har allereie begynt litt!!! 

Her er 7 år gamle Mokbokpo. Ho hadde brannskader på begge armane som har blitt hudtranspantert slik at ho kan bruke hendene sine. 

Det er stort å sjå kor takknemlige pasientane er når dei ser resultata av operasjonane. Me har hatt mange infeksjonar i år, men i det siste har me fått mange negative resultat attende. Det er fantastisk å sjå sår som blir betre dag for dag. Gud er GOD!!!



3 kommentarer:

  1. Nå har me besøk av tante HIlde og onkel Inge. Me har nett lest bloggoppdatering og me er mektigt imponerte over alt det gjer ombord. Skal helse så møkje til deg frå dei alle.

    SvarSlett
  2. Fantastisk Gunn June! Me er stolte av deg.

    SvarSlett
  3. Hei Gunn June. Kjekt å sjå innom bloggen din. Du får jammen oppleva masse!
    Me feire påsken i Etne. Jonas og Anna e og med. I dag har me fått besøk av m&p og Aksel Johan. I mårå kjem farmor og tAnte Marit m bussen. Me har hatt ein nydelige skitur i dag. Nogen dagar gammal snø, og heilt blå himmel. E blitt litt solbrente. Sko sendt deg et bilde hvis d gjekk an :-)

    SvarSlett