sårskift

sårskift

mandag 27. februar 2012

Benin!

Ja då har eg vore på tur igjen! Denne gangen til Togo sitt naboland i aust: Benin. Det er som Togo, ein tidlegare fransk koloni, så dei snakkar for det meste stammespråk og fransk der. Me reiste difor saman med to som jobbar her som er frå Benin. Det gjorde ting svært mykje enklare.

Først reiste me til Cotonou som er den største byen i Benin. Der besøkte me eit marked og ein dyrehage:

Her klappar Jenny og Olga ein 3 veker gammal antilope. 

Her klappar eg ein 2 meter lang boaslange. 

Ein apakatt i band. Dei fleste dyta sat i små bur, eller var i band. 

Ei ekte løve!!!!

Og på ekte afrikansk vis måtte minibussen vår dyttast i gang då me skulle dra...

Neste dag drog me eit lite stykke utanfor Cotonou, til ein liten landsby som heiter Ganvié. Det som er spesielt med denne byen er at alle (i allefall dei aller fleste) bygningane er bygd på stylter. Dette då ei av dei lokale stammane flykta frå slavehandlarar som på grunn av overtru ikkje kunne entra vatn. Dermed vart dei redda! Det bur 20 000-30 000 i byen, og dei driv hovudsakleg med fiske (naturleg nok..).
Her er litt bilete:


Her ser de fruktmarkedet i byen. Alt foregår frå båtane/kanoane. 

Og borna padlar rundt i eigne kanoar!!! 


4 kommentarer:

  1. Så kjekt med oppdatering på bloggen, e inne å sjekka kvar dag :) Va ein kule by.
    Du må skriva det på statusen tin på fb når du har blogga, så fleire får det med seg.

    SvarSlett
  2. Sko vara din, ikkje tin.

    SvarSlett
  3. Ja så har alså mi eventyrlystne dotter vore på farten igjen...
    Det er så kjekt å lesa om alt du får oppleva, flinke å skriva er du, det blir mest som me kan leva oss inn i det. Ventar i spenning på fleire eventyr ;-)
    Glad i deg. Knip frå mamma

    SvarSlett