Her er bilete og litt om nokre av pasientane som er hjå oss:
Dette er Mifatu. Han er 9 år gammal og har vorte operert på Africa Mercy tidlegare. Han fekk alvorlege brannskadar i anletet då han var omlag 10 månader. Denne gongen fekk han ny underleppe og nytt augelokk på venstre auge.
Dette er Tani. Ho vart brannskadd som lita, og har skader i anletet og på brystet. Ho var på Africa Mercy i 2010 og fekk ny nase og reparert eit øyra. Denne gongen fekk ho transplantert hud over venstre auge der det berre var eit hol.



Dette er min favoritt. 13 år gamle John! Han hadde alvorlege kontrakturar i nakken og haka. Han hadde og ei skadd hand. No har han fått ein hand han kan bruke og han har eit stort transplantat på venste skulder og hals som gjer at han han røre hovudet att.
Dette er 5 år gamle Lumen. Ho hadde brannskader på begge føter som gjorde at ho ikkje kunne gå. Ho har transplantat på begge føter, og håpet er at ho lærer seg og gå. Ho har allereie begynt litt!!!
Her er 7 år gamle Mokbokpo. Ho hadde brannskader på begge armane som har blitt hudtranspantert slik at ho kan bruke hendene sine.
Det er stort å sjå kor takknemlige pasientane er når dei ser resultata av operasjonane. Me har hatt mange infeksjonar i år, men i det siste har me fått mange negative resultat attende. Det er fantastisk å sjå sår som blir betre dag for dag. Gud er GOD!!!