sårskift

sårskift

tirsdag 25. april 2017

Dyrene i Afrika

Plutselig så gikk tida veldig fort her. Og bloggen blei litt neglisjert. Men nå kjem det endelig litt oppdatering.
Men me har i allefall gjort ganske mykje forskjellig sidan sist. Mellom anna så har me vore på safari i Majete og på game drive på Game Heaven. I Majete kjørte me sjølv i vår eigen LandRover.

Her er bilete av oss foran bilen midt i parken:


Me var heldige, og fekk sjå ganske mange dyr i parken. Her er min favoritt, flodhestene :)
Bileta er lånt av Line (kollega, sambuar og hobbyfotograf):



Me såg og elefantar:

Litt på avstand, men dog!


Og mange ulike artar av antolopedyr:

Naturen der er det heller ikkje noko å seie på:





Majete er ein stor nasjonalpark i Malawi og ein kan finne "The Big 5" der. Akkurat denne tida på året er det litt for mykje vatn og litt for tett skogsvekst til at me fekk sett dei. Men no når tørketida er i gang så vil sjangsen verte større utover for å kunne spotte fleire dyr der.


Game Haven er ikkje ein nasjonalpark, men det er ein slags gigantisk dyrepark, eller reservat, der dyra går fritt innanfor eit inngjerna område. Der var det ikkje lov å kjøre sjølv, men me kjørte ei rute samen med guide i ein open safaribil.
Her er den:


Det var og råd å komme svært nært dyra der, då dei er vande med besøk:



Og det er ein av ganske få stader i Malawi ein kan sjå giraffar:



Me traff Zebraer på kloss hold: 





Det er fine fargar no om dagen når alt framleis er grønt og friskt:


Me traff blue waterbuck: 



Her er me saman med guide og sjåfør: 



Kan elles melde om at livet i Malawi er fint, men det begynner å bli litt kaldt! Har vore fleire dagar der temperaturen ikkje eingong er over 20 grader på dagtid. Høyrest kanskje ikkje så ille ut, men her opplevest det som veldig kaldt. Det triste er at me går inn i den kalde tida på året, så eg må vel berre innsjå at det er slik det kjem til å vere framover!

Skal prøve å ikkje la det gå så alt for lenge til neste innlegg :) 

torsdag 16. mars 2017

Pediatric Surgical Unit

Grunnen til at me er her i Malawi, er at me skal vere med på å støtte det lokale personalet som skal jobbe på post operativ avdeling og på barneintensiv. Begge deler er i eit nytt bygg som er bygd med støtte frå ein organisasjon som heiter Raising Malawi. Per dags dato så finst det ikkje ein særleg veldrifta post-operativ avdeling og det er ein intensivavdeling som tek både born og vaksne, men den er for det meste full. Den har heller ikkje noko særleg utstyr som er tilpassa born. Dette er difor ganske nytt for alle involverte partar.

Slik ser bygget ut frå utsida. Første etage vil vere sengepost med plass til 42 barnekirurgiske pasientar, samt ein intermediæravdeling med 4 plasser. Me skjem til å holde til i andre etage av bygget. 

Det er førebels ein del ting som ikkje er heilt på plass og det er heller ikkje innreda med utstyr. Men me har eit godt inntrykk av korleis det kjem til å bli. Den opprinnelege planen var at det skulle opna i begynnelsen av mars, men det fekk me tidleg høyre at ikkje var heilt realistisk. Me har gradvis jobba oss bakover i kalenderen og nå kryssar me fingrane for at den første pasienten er på plass i starten av mai!

Det malast på veggen i inngangspartiet (ovanfor) og på leikerommet (nedanfor). Malawiske ungdommar frå ein kunstskule som heiter Jarcanda School står for maleria.


Nede på sengeposten er det fullt av utstyr som me etter kvart vil få mykje glede for. Det kjem stadig nye forsendingar med utstyr og ein er i gang med å få ei oversikt over kva som er. Mykje av det er donasjonar frå eit sjukehus i Skottland og frå Oslo Universitetssjukehus. 

Detter er frå sengeposten i første etage. Nedover her er det sengeplasser på begge sider i ein slags "avlukke". Det er 4-6 sengeplassar i kvart avlukke og det er utgang til uteområder frå alle av dei. 

Sjølv om alt ikkje er heilt klart på det nye bygget er det likevell ting me kan bidra med medan me ventar. Me er akkurat ferdige med opplæring i overvåkingsutstyr og sprøytepumpe, og me er igang med å lage undervisningsopplegg som alle skal gjennom før dei startar å jobbe på post-op/barneintensiv. Det er ansett ca 20 sjukepleiarar med ulik erfaring frå tidlegare, og av desse har to vore på utveksling på barneintensiv på Riksen, men elles har ingen av dei noko særleg erfaring frå intensiv. 

Her driv me opplæring på monitor/overvåkningsscoop. 

Her er og litt bilete frå det som etter kvart vert vår faste tilholdsstad: 

Her er det som skal bli barneintensiv. Det vert plass til 6 intensivpasientar, der to av desse plassane er tiltenkt prosjektet me høyrer til som er barnekirurgi. 


Her er det som skal vere Recovery/post-op. Det er her me kjem til å halde til den første tida etter at bygget opnar. 

Her er recovery til høgre og operasjonssalane til venstre. Det er i alt 3 operasjonssalar i bygget. 

Ein av garderobane. 

Ein av TO heisar. Det seiast at den verkar. Eg har ikkje turd å prøve endå. Men som de ser kan i det minste dørene opnast. Det er nokom som kjem og "fiksar" litt på den omtrent kvar dag, så kor godt den egentlig verkar er usikkert. 

Me ser framgang i bygget frå dag til dag no og det er veldig opplyftande. Og det blir veldig kjekt den dagen me kan flytta inn og starta på den verkelege jobben her. Det ryktast forresten og at Madonna (Raising Malawi er hennar organisasjon) kjem til opninga! Og det hadde jo vore stas å treffe på ho :)

søndag 5. mars 2017

Malawi er et vakkert land!

Det er så fantastisk natur her at det knapt kan forklarast. Det er vakre fjell og frodige daler. Malawi er eit land som må opplevast. No er det regntid, og det er sjølvsagt forklaringa på alt det grøne. Og i følgje dei som har vore her i tørketida kan ein knapt forestilla seg korleis det kjem til å sjå ut då når alt vert tørt og sandete. Kontrasten vert nok stor.

Etter berre 2 veker her har me allereie hatt moglegheiten til å reise litt rundt, og her kjem litt bilete:

Her er Likhubula Falls i Mulanje massivet. Veldig deilig å bade der :) 


Her er me på veg opp til Likhubula. Mulanjemassivet er ein monolitt. Innanfor geologien betyr det ein formasjon eller eit fjell som består av ein enkel massiv stein eller ei klippe. Den stig opp utan noko anna fjell rundt seg. Me var på ca 950 moh (trur eg...), men den høgste toppen her er 3002 moh. Det er fleire hytter i fjellet ein kan bu på og mange toppar å bestige. Eg håpar at eg får muligheten til å ta nokre fjelturar opp dit i løpet av dei neste månadane. 


Det blir nokre kilometer i bil.... Her cruiser me rundt i 4-hjulstrekkeren vår, ein Toyota Land Cruiser frå 1998! 


Blandt anna så har me cruisa heile vegen til Lake Malawi. Dit kjem me nok heilt sikkert til å reise fleire gonger og! Skikkelig fint der :) 
Lake Malawi er plassert mellom Malawi, Tanzania og Mozambique. Den er niande størst i verda og tredje størst og ant djupast i Afrika. Total oveflate på innsjøen er 29,600 kvadratkilometer. 

Her er me på båttur og "mater" fiskeørn. Du ser ørnen midt i biletet som tek med seg ein fisk guiden vår kasta ut til den. 

Vatnet var krystallklart! Det er ein spesiell type fisk i Lake Malawi som kallast for Ciklider. Det er mange som har desse som akvariefisk. Me hadde eit lite stopp på ei øy der me snorkla litt saman med desse fiskane. Og det var akkurat som å symje i eit akvarium!!! 

 Her er eg på ei lita øy et par hundre meter frå fastlandet. Det var her me snorkla. 

Kampango-fisk til lunsj. 


lørdag 25. februar 2017

Malawi-week one

Nå har me allerede vore i Malawi i ei veke. Tida har gått veldig fort og det er mange ting å setje seg inn i. Me kom hit frå Sør-Afrika førre laurdag, og det har vore fullt program sidan. Så no er det godt med litt fri denne helga.

Denne veka har for det meste bestått i å finne litt ut av ting både på jobben og heime i huset, me har vore i Lilongwe (hovudstaden) for å ordne med autorisasjon, me har hatt omvisning på både det ekstisterande sjukehuset og på det nye bygget. Det er endå litt uklart for oss korleis arbeidsdagane blir, men det går seg nok til litt etter kvart.

Biletet er tatt langs vegen til Lilongwe. Landskapet her er heilt nydeleg og frodig nå som det er regntid.












Me kjenner oss som prinsesser som søv under myggnett kvar natt. Her er bilete frå hotellrommet vårt i Lilongwe.



Her er me på den nye barneintesiven som me håpar kan opne om ikkje så alt for lenge. På biletet ser du bak frå venstre: Anestesilege Marius frå Riksen og anestesilege Terje frå Ullevål. Framme frå venstre: Anestesisjukepleiar Line, Barnesjukepleiar Susanne og meg.

Det er altså oss tre jentene som skal jobbe og bu saman det neste halve året. 

Elles så har eg begynt å kjøre litt på venste side. Me har to bilar som høyrer til prosjektet/huset. Den eine er ein liten nissan med automatgir og den andre ein toyota landcruiser med firehjulstrekk. Den store bilen har eg ikkje prøvd meg på, men satsar på å teste den litt i helga. Den lille har eg kjørt med ganske mykje, og det går overraskande bra. Og automatgir er veldig digg da!

Veka har og vore prega av mange, og lange, strømbrudd, og derfor og redusert internettilgang. Det er nok berre noko me må venne oss til. Men no har me fått kjøpt oss Malawiske sim-kort og då kan me surfe litt på mobilnettet innimellom. Det er overraskande bra nettverk her faktisk!

Me har og brukt mykje tid på å handle mat og andre ting vi treng denne veka. Det er mykje å setje seg inn i og butikkane er ganske store. Det er og stor skilnad i pris på ulike ting så me må fort innom to eller tre stk for å finne dei beste prisane. På grunn av at det har vore såpass travelt så har me ikkje fått vore på det lokale fruktmarkedet, men om alt går etter planen så går turen dit i dag.

Kan forresten og melde om ca 30 grader og sol, med korte byger innimellom. Bassenget held ca 28 grader! God vinter :)

Det fine bassenget vårt. Og huset!




onsdag 15. februar 2017

Update from Johannesburg

Då kjem det endelig et innlegg fra Afrika :)
Me kom hit til Johannesburg søndag føremiddag og det har vore program omtrent heile tida, så ikkje så mykje tid til blogging. Me er her fordi reiser på eit samarbeidsprosjekt med OUS og Fredskorpset (FK) Norge, og alle som reiser med FKNorge må på eit slikt kurs. Her møter me andre som skal reise ut, til fks Norge fra Malawi og Tanzania, andre normenn som skal til ulike stader i Afrika og folk som er på veg heim etter eit FK opphold. Det er veldig fint å treffe andre i samme situasjon og andre som har erfaringer dei kan dele med oss. Me har ein del undervisning om kva vi må vere oppmerksomme på i dei landa me skal til og korleis me kan takle det å bu og jobbe i ein ukjend kultur.

Prøvde å legge til litt bilete, men det viste seg vanskeleg... Internettet her er diverre litt av og på!
Men det skal visstnok vere bra i Malawi, så det kjem bilete då. Håpar eg :)






torsdag 12. januar 2017

Fakta om Malawi!

I år som tidlegare år så kjører eg eit innlegg med litt fakta om landet eg skal til. Så slepp de å google gjølv! Kvar det ligg i Afrika kan de sjå i førre innlegg, og under her er eit kart over Malawi:


Hovedstaden er Lilongwe som er markert med raud prikk. Byen eg skal bu i er Blantyre som de ser litt lengre sør. Lilongwe er største by med 1,077,116 (2015) innbyggjarar, men Blantyre er like bak med 1,068,681 (2015).

Malawi er eit relativt lite land målt i areal, Noreg er omlag 3 gonger større, med det har ei total befolking på omkring 18 millionar. Noko som gjer det til eit av Afrikas tettast befolka land. Forventa gjennomsnittleg levealder er ca 57 for menn og 60 for kvinner (WHO, 2015) og medianalderen er 17 år. Heile 45% av befolkinga i Malawi er under 15 år! I Noreg er forventa gjennomsnittleg levealder 80 år for menn og 84 for kvinner, medianalderen er 39 år og 19% av befolkinga vår er under 19 år.
UNHDI (United Nations Human Development Index) seier noko om inntektsnivå, levealder og helse og utdanning. På denne indexen er Noreg nr 1. Malawi er nr 173 av totalt 188 land. Malawi er og eit av dei aller fattigste landa i verden, og omlag 90% jobbar i tilknytning til jordbruk.

Malawi er ein tidlegare britisk koloni og fekk sitt eige sjølvstyre i 1964. Frå 1966 var det republikk, men berre med eit parti og med ein pesident som sat på livstid. Frå 1994 har det vore frie, demokratiske val i landet.



Slik som dette fortel Google meg at Blantyre ser ut. Blir spennande å sjå om det stemmer :)


Blantyre vart grunnlagd i 1876 av skotske misjonærar. Den ligg i eit område med mykje fjell, har variert topografi og ligg mellom 780 og 1612 moh. Klimaet er tropisk og det er hovudsakleg to "årstider". Regntida er frå november til april. Frå mai til oktober er det tørketid. Den varmaste tida av året er regntida, og den kalde er tørketida. Kaldt betyr her ein fin norsk sommar, men det kan faktisk verte under 10 grader på natta. Trur eg skal pakke litt varme klede!

tirsdag 20. desember 2016

BACK TO AFRICA!!!!!!

Bloggen gjenopnast herved for ein periode fordi eg skal tilbake til AFRIKA!! I februar går turen først til Johannesburg i Sør-Afrika ei veke før eg drar til Blantyre, Malawi. Der skal eg jobbe for OUS/Fredskorpset på eit lokalt sjukehus i 6 mnd. Eg gler meg veldig til å ha afrikansk jord under beina igjen :) Sjukehuset eg skal jobbe på har OUS samarbeidd med i fleire år, og nå skal dei starte opp eit nytt prosjekt. Det er bygd eit nytt bygg der som skal innehalde mellom anna ein Barneintesiv, og det blir min adbeidsplass. Me er to intensivsjukeplearar som saman skal vere resurrspersonar for dei malawiske sjukepleairane som skal jobbe der. Eg veit ikkje så mange detaljer enno, men finn det nok ut tidsnok! Eg trur det blir utfordrande, men veldig kjekt.

Og så gler eg meg til å oppleve ein litt anna del av Afrika! Malawi kan mellom anna freiste med Afrikas tredje største innsjø og eit flott fjellområde som heiter Mt.Mulanje på ca 3000moh. Så nå er det berre å booke ferien for 2017 til Malawi!!! Eg tek gjerne imot besøk :)

Og dersom nokon er litt usikre på nøyaktig kor Malawi er, så er det altså den raude prikken på kartet under: